Frå eit styrerom hos China National Blue- Star i Beijing sit valvinnaren i Bremanger og følgjer forhandlingane som skjer i heimkommunen.

– Det er faktisk litt rart fordi døgnet er jo snudd også. Beijing ligg seks timar framfor Norge. Så når dei forhandlar på kveldstid, så søv eg, seier Espen Sortevik (Ap) på telefon frå Beijing.

Sortevik, som er driftsleiar for Silgrain ved Elkem og tillitsvald for funksjonærane, er på styremøte hos svelgenbedrifta sine kinesiske eigarar. Men han har ingen frykt for at forhandlingane om saker og posisjonar skal strande fordi han ikkje er der.

– Eg er heilt ny i politikken og har lite erfaring med akkurat dette. Dei fire politikarane som sit i forhandlingsutvalet er alle erfarne og har vore med lenge. Eg stolar på at dei gjer ein god jobb, seier han.

Overvelda

Sortevik er glad for den gode responsen frå veljarane etter at partiet stakk av med 34,7 prosent av stemmene og 8 mandat.

– Eg vil takke for tilliten. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå folk. Eg trur vi lukkast med ei god liste og det at vi har prøvd å vere nøkterne i sakene, seier Sortevik.

Ei av desse sakene – der Ap har prøvd å seie det som det er – er Kystvegen Måløy-Florø. Sortevik legg nemleg ikkje skjul på at han trur det blir vanskeleg å unngå å bruke ferjeavløysingsmidlar frå to ferjer for å finansiere bru.

– Og då kjem folk i Davik- og Ålfotenområdet, som har orientert seg mot Eid, dårlegare ut. Det er ikkje rocket science.

– Kva vil Ap gjere med det?

– Sjå på avbøtande tiltak. Men eg trur ikkje vi får dei inn i Kystvegprosjektet. Om alle tilførselsvegane skal inn der, vil vegen aldri bli realisert. Men vi må sjølvsagt gjere noko med desse vegane, utan at løysinga er klar akkurat no.

Har lært av kona

Sjølv om han, som aldri har vore i politikken før, no skal styre heile skuta, er han ikkje uroa. Lang erfaring som leiar i Elkem og kjennskap til offentleg saksgang frå 15 år i Fellesrådet gir han sjølvtillit.

Og politikken har han også fått inn via kona, Aud Marit, som er kommunestyremedlem og leiar i Bremanger Ap.

– Det var det som trigga det. Eg fekk jo ikkje gjennomslag frå kjøkkenbordet, samtidig som eg blei meir og meir interessert, og meir og meir irritert, seier Sortevik.

Etter det gjekk det fort, og no tek han med takk imot rolla som ordførar i Bremanger.

– Det er klart vi ønsker oss posisjonen. Såpass kan eg seie.

Enno ikkje heilt i mål

Då Fjordenes Tidende gjekk i trykken torsdag ettermiddag forhandla framleis partia Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre i Bremanger om posisjonar og saker.

– Ja, vi er ikkje komne heilt i mål enno, seier Nina Grotle i forhandlingsutvalet.

Saman med Per Helge Eikeland (leiar), Leo Cirotzki og Åse Leirgulen utgjer Grotle utvalet som diskuterer posisjonar med Høgre og Venstre.Ho trur dei vil klare å kome til einigheit torsdag kveld.

– Korleis har dialogen vore?

– Samtalane gjekk veldig bra onsdag. Vi har ein fin dialog, men vi er ikkje i boks med det tekniske, seier Grotle.

– Kva med ordførarvervet?

– Det ønskjer vi oss. Og det får vi. Det trur eg, seier Grotle.

Arbeidarpartiet forhandlar altså, overraskande nok, med Høgre og Venstre etter dette lokalvalet.

Senterpartiet, som dei har hatt eit samarbeid med dei fire føregåande åra, ser no ikkje ut til å vere eit alternativ sjølv om Ap og Sp til saman ville hatt fleirtal i kommunestyret med 13 representantar.

Marius Strømmen, ordførarkandidat for Sp, ønskjer, på spørsmål frå oss, ikkje å kommentere om dei har blitt kontakta for forhandlingar.

Fjordenes Tidende kjem tilbake med meir.