Fekk ei god opningshelg i slalombakken - har hatt stordugnad på snøproduksjon

I helga gjekk skitrekket på Harpefossen for første gong denne vinteren. Til helga håpar dei å opne større deler av anlegget.
Video

Fekk knallstart på opninga og håpar å få meir av anlegget i bruk snarast

– Maskinene er i sving og vi kan kome til å opne opp til Lysliehogane til neste helg, seier Tore Kroken Karlsen ved Harpefossen Skisenter. Bak seg har han eit ekstra stort mannskap når senteret produserer 11.000 kubikkmeter kunstsnø i døgnet og vil ha meir av anlegget i bruk snarast råd.



Elise og Tore tok med seg barna Hedda, Ida og Frøya på ski

– Vi får prøve oss i barnebakken først og sjå om vi har teknikken inne

– Vi håper at det vert ein god sesong slik at vi får mange turar opp her, seier Elise Rylandsholm.



Fekk endeleg opne nokre av trekka

Sjå bilda av små og store kose seg i skianlegget for første gong denne sesongen

Endeleg kunne skiglade små og store få prøvd skia i trekket og løypene i Harpefossen.