Dagny

Dubioza Kolektiv (BH)

Turbonegro

Mer om artistene

Dagny

Malakoff Rockfestival sin omtale: Buldrande og deilig pop med rock i ryggrada, i form av eit heilt unikt låtmateriale som vert løfta fram på skuldrane til ein imponerande stødig og voldsomt dyktig liveartist. Velkomen, Dagny!

Singlane Foals Gold og Backbeat gjorde at Dagny for alvor hamna på radaren i internasjonal samanheng, og ho har sidan kome med fleire herlege hits i albumet Ultraviolet. Men det er i liveformatet denne stjerna verkeleg skin, og vi i Malakoff har latt oss imponere på fleire konsertar. Dagny dansar seg rundt i eit smittsamt poplandskap som er krydra med ein rocka sound som alle kan like.

Tromsøværingen har med sine to hardtslåande singlar sanneleg bevist at ho har sin plass i musikkverda. Ho er godt planta i kikerten over framstormande artistar i musikkmiljøet, med høg plassering i særs mange one-to-watch-kåringar. Dagny er utan tvil ei komande superstjerne og vi gler oss stort over å få vise fram denne fenomenale liveartisten i sommar!

Dubioza Kolektiv

Malakoff Rockfestival sin omtale: Ta godt i mot Dubioza Kolektiv frå Bosnia-Hercegovina!

Hoffmaestro laga vilter stemning i 2015 og i fjor blåste Gogol Bordello folk nærmast over ende. Mange vil seie at desse var to av dei mest minnerike konsertane som nokon gong har vore på Malakoff, men likevel er det noko med villbassane i Dubioza Kolektiv som er heilt spesielt. Rock, reggae, ska, hiphop og punk utgjer her ei herleg musikalsk smørje frå ein gjeng gulkledde og breiale balkanpiratar. Dubioza Kolektiv er eit heilt unikt band som ikkje liknar noko anna som har vore på festivalen tidlegare, og vi frydar oss ved tanken på kva som er i vente. Denne sommaren ynskjer vi velkomen til ein real gipsyfest, og etter årets festival har vi ei solid magekjensle på at dette bandet verkeleg vert årets nye, store Malakoffsnakkis.

Vi lovar ei heseblesande, fuktig og fantastisk liveoppleving utan sidestykke. Dra opp strømpene og bli med på folkefesten, dette har du garantert ikkje opplevd før! Ja, forresten: Saksofon!

Turbonegro

Malakoff Rockfestival sin omtale: Dei treng strengt tatt ingen introduksjon. Turbonegro - kongane av dampande sveitt dongeri og rett-i-trynet-punkrock som alltid fengjer. Ein konsert med eit av Noregs tøffaste rockeacts på Malakoff vert aldri feil!

Turbonegro har farta på kryss og tvers over heile verda, og har konsekvent lagt bak seg fulle hus og spekka arenaer. Etter ei lang og vedvarande fartstid er historiene blitt utallege og mytene uendelige. Rumperakett, krangling, verdsherredøme, dop, sex, og rock`n roll er berre ein brøkdel av det. Det som er brennsikkert er at bandet er eit heidundrande rockebeist som alltid leverer eineståande konsertopplevingar, og med eit evig entusiastisk publikum og sin eigen dedikerte armé av tilhengjarar, Turbojugend, kan du sjå fram til eit kvalitetsshow utan like.

Børst støv av dongerijakka og press sjømannshua! Torsdag stormar det både på og framfor scena! Get it on!!