Denne kommentaren under spalten "Stemplar ut" er skriven av Jarl Wåge og stod på trykk i Fjordenes Tidende 8. september.

Alle ventar på sommaren

«Alle venter på sommer», song ei sprudlande Elisabeth Grannemann i hine harde dagar. Knapt nokon lengtar så intenst etter sommar som folket vest ved havet. Etter blonde dagar, så vidunderleg lange at dei nesten rekk rundt heile døgnet. Etter sola som skal tine opp frosne sinn og pakke ut vintermenneska. Etter slaraffenliv på stranda. Etter gispande å dyppe seg i havet, eller bade, som nokon òg kallar det. Etter å vandre berrbeint i blomeeng.

Ikkje underleg at suget etter sommar er så sterkt hos vestfolket, forresten. Vinteren er tilsynelatande endelaus med svarte netter så lange at dei nesten rekk rundt heile døgnet. Med regnbyer på tvers i vekevis. Med orkanar som stadig set vindstyrkerekord og stengjer Måløybrua gong på gong.

Difor er det så inderleg lett å gje seg over og kaste seg hemningslaust i sommarfamnen når han fyrst opnar seg. Det nyttar i alle fall ikkje å nøle og utsetje til i morgon. For berre sjå. Før han knapt har fått gjort nytte for seg, er han på hell. Som no. Kirsti Sparboe har allereie sunge «En sommer er over» i Reiseradioen si siste sending.

Snart er det berre minne og sommarbilde att av dagar som kom og gjekk utan at vi visste det var sjølve sommaren. Av solnedgangar som sette himmel og hav i brann. Av svartstille vatn. Av grønkande lier. Av barn i evig leik. Av katten på trammen.

Også i år har sommaren vist seg å vere ein notorisk utru elskar. Han byr raust på seg sjølv i nokre dagar så vi byrjar å tru på at i år, ja, i år. Men brått tek han med seg varmen og sola og blir borte. Til grønare gras på andre sida. Kjem kanskje innom nokre dagar til, som om ingen ting har skjedd, og stikk av på nytt. Lèt etter seg eit varsel om at kong vinter ubønnhøyrleg kjem sigande der framme ein stad. Med nye orkanar og syndfloder i bagasjen. Uvêr som jagar folk innomhus til peisbål og tv.

Det finst ikkje dårleg vêr, påstår nokon. Jau, det gjer det. Eg har gått til Hesten i full storm og regn. Dei siste to hundre meterane måtte eg åle meg fram på magen som ein elitesoldat for ikkje å blåse til havs. Det beste av allvêrklede til trass; eg var full av gjørme og klissvåt til skinnet då eg kom meg i ly bak varden. I sekken var det så mykje vatn at kameraet hadde drukna.

Difor let mange seg klimafange innomhus. Medan mørkret har kommandoen dukkar tanken opp om at «den en gang kommer, neste sommer». Og då, ja, då, om vi er heldige, har han med ei perlerad av dei aller mest sommarlege sommardagar som finst.