Redaktør Erling Wåge har denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 4. oktober:

Vi hadde forventa at fylkesmann Anne Karin Hamre hadde hatt mot til å føreslå større kommunar i tråd med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sitt ynskje om å gjennomføre tidenes kommunereform.

Under presentasjonen sa Hamre at større kommunar vil gje betre økonomi og at desse vil vere mindre sårbare for svingingar. Kvifor føreslår ikkje Hamre då at fleire kommunar slår seg saman dersom ho verkeleg trur på dette?

Det er berre nokre kommunar i Sunnfjord og Sogn, pluss Hornindal med sine 1.200 innbyggarar, som har blitt samde om å lage ny og større kommune.Vi trur det er framtidsretta å slå saman Selje og Vågsøy. Vi meiner det hadde vore endå meir framtidsretta å få med endå fleire i ein storkommune på kysten: både Vanylven, Bremanger og gjerne Eid.

Dette kunne blitt ein sterk og kraftfull region. Vil dette styrke økonomien så må det bety at innbyggarane må få betre tenester.Det er Stortinget som skal vedta den endelege kabalen til våren. Og skal Sanner få det som han vil, at det skal bli 15.000 til 20.000 innbyggarar i dei framtidsretta kommunane, så er nok Hamre sitt forslag for pinglete. Vi håpar politikarane snakkar saman og torer å tenke nytt og stort.