Dette innlegget er skrive av Jan Per Løken frå Nordfjordeid.

- Kvifor hastar det med kommunenamn?

Ettersom fylkesmannen har motførestillingar mot å slå saman Vågsøy og Flora slik det er søkt om, er det vel von om at Vågsøy kan drøfte tilbodet frå Selje/Eid. Det er jo fleirtal i folket i kommunen for ei slik løysing.

I eit tidlegare lesarinnlegg ymta eg frampå om å etablere ein ny og nøytral stad for kommunesenteret, nemleg i midten, altså på Bryggja med Maurstad som kommunenamn. Dette for legge død den vegringa som finn stad både på Nordfjordeid og i Måløy mot at motsett by/tettstad skal bli kommunesenter. Samanslåingsvegringa synest å finne stad på grunn av otte for forfordeling. Ettersom eg nyttar ordet otte her brukar eg omgrepet "forfordeling" motsett av det Rolf Petter Vetvik legg i det når han i lesarinnlegg nyleg uttalar seg negativt om Eid. Dvs. at Eid har fått for mykje.

Å kalle den samanslegne kommunen for Maurstad er neppe aktuelt dersom Vågsøy kommune ikkje er med. Det er etter mitt syn underleg at ordførarane i Selje og Eid alt no legg opp til innspel og konkurranse om namn på den nye kommunen. Kva er det som hastar?

Det ligg som nemnt no føre nye relevante hendingar. Sjølvsagt er det Vågsøy som må ta initiativet. Eg veit ikkje ein gong om kommunen har svart på friarbrevet.