Denne kommentaren fra Stig Erik Elliot sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 22. januar:

For dei som ikkje har merka det: Det er kaldt om dagen. Stikk du nasen ut om døra blir den fort så raud at du kan bli mistenkt for å ha sete inne og tømt i deg både det eine og det andre. Skulle du forresten ha gjort akkurat det, er det best å lata både kropp og nase bli verande innandørs.

For når det er kaldt kjem det nokre greier frå himmelen som er kvite og ufyselege. Og desse ufyselege greiene har ein tendens til å frysa til på eit vis, slik at det blir is (rim, ikkje med vilje).

Når det er is, er det lett å ramla. Når du har sete inne og tømt i deg både det eine og det andre, er det endå lettare å ramla. Spørsmålet er berre kva som skjer når du først ramlar. Eg har ein perifer kompis som hevdar at det er best å ramla når du har tømt i deg både det eine og det andre.

Han hevdar at han ramlar så veldig avslappa i slike tilfelle. Han sklir liksom litt elegant gjennom luft medan han fniser og ikkje tenkjer så kraftig på korleis han skal landa. Då landar han mjukt og like elegant som han sklir. Resultat: Han knekk ikkje så mykje som eit bein i kroppen. Verre kan det vera om du er ute på glatta og går like stivt og nervøst som ein gammal bukk under haustjakta. I desse dagar ser eg mange 30-åringar som spaserer som om dei skulle hatt behov for gåstol: Skuldrene er spente, hoftene er i lås og beina subbar langs bakken på grufullt vis.

Skulle folk med slik gonge komma til å ramla, då er dei ille ute. Det blir om lag som når ein tar ein frosen kvist og bøyer den: Det knasar, og så går heile greia i to. No er det heldigvis ikkje så mange som har lårhalsar med same dimensjon som ein frosen kvist. Men lårhalsar kan knekka sjølv om dei har relativt kjøttfullt omfang.

Eit anna alternativ er å bruka sko med piggar. Eller: Sko med piggar heiter vel piggsko og er slikt som friidrettsutøvarar brukar. Eg meiner sjølvsagt sko med broddar. Sko med broddar skal ta brodden av isen. Det er mogleg at slikt fungerer, men for meg er det ikkje aktuelt. Det har liksom litt med alderen å gjera: Tar du på deg broddar, signaliserer du at du har begynt å sova middag og heva alderstrygd. Forfengeleg? Truleg. Men så er det også nokså ubehageleg å gå med desse broddane.

Eg har funne ei slags mellomløysing. Eg kan ikkje sitja inne og tømma i meg både det eine og det andre kvar gong eg skal ut og spasera på frosne fortau. Men eg har likevel bestemt meg for å apa etter tipset til den perifere kompisen min. Eg går som om eg skulle ha sete inn og tømt i meg både det eine og det andre.

Men eg har ikkje promille, altså. Trur eg …