• Dette innlegget sto på trykk i fredagens utgave av Fjordenes Tidende. Ønsker du å delta i debatten? Send ditt innlegg til fjt@fjt.no

Vi vart tekne imot ved hovudinngangen av smilande og positive tilsette som skulle føre oss vidare. Diverre var vi så alt for få – under ti stk.

Dei tilsette viste at dei var stolte av arbeidsplassen sin og vil at Nordfjord sjukehus skal bli eit godt sjukehus.

Dei fleste kjenner til sjukehusstriden med Helse Førde, Helse Vest og ordførarane i Nordfjord og Sjukehusaksjonen Nordfjord. Det har ikkje vore lett for dei tilsette i denne striden.

Eg sjølv har sete i styret for Sjukehusaksjonen og har vore nestleiar der. Eg er ikkje det lenger, og dette er mine private tankar etter omvisinga (eventuelle presiseringar får rette ansvarlege kome med):

Bygningen er i god stand og teknisk på topp på grunn av dyktige tilsette. Bileta i pressa viser at rom og korridorar skin av reinsemd. Godt reinhaldspersonale.

Eg tek med nokre av plassane eg var innom.

Røntgen radiologi: Har hatt godt rykte på seg i lang tid, men med meir mannskap og utstyr kan dei utføre fleire oppdrag pr. dag og dermed hjelpe pasientar i kø. Utstyret har relativt kort levetid og treng oppgradering. Tilsette arbeider overtid.

Laboratoriet og blodbank: Tilsett kunne fortelje om godt samarbeid med sjukehuset i Førde.

Dialyse: Der er sju maskiner i drift og er eit av områda som ein gjerne vil skryte av. På spørsmål om ikkje nokre av desse maskinene kunne flyttast ut til kommunane for å spare pasientane for ytterlegare tid i transport kom det ikkje noko positivt svar. Transport til og frå Førde kom opp fleire gonger. For meg verkar det som den stadlege leiinga også har funne ut at dette kostar meir enn det ofte smakar.

Ambulanse/sjuketransport: Vi fekk sjå den nye avdelinga som er ferdig og teken av tidlegare bygningsmasse av sjukehuset. Fire soverom + opphaldsrom og kontor med garasje utanfor. Ved utbygginga miste ein ei lita operasjonsstove. Dei to andre er intakte. På spørsmål om kva dette kosta kunne ikkje dagleg leiar kome med tal.

Poliklinikkane: Det er her sjukehuset har mest auke i tal pasientar. Ei avdeling er privat (auge), resten styrer Førde. Arealet er stort og nyttingsgrada er liten. Nokre har berre ope ein gang i veka. Eg fekk ikkje heilt med meg om pasientane enno må til Førde for kontroll. Reise. etc. Eg sjølv har ikkje gått med på slik ordning.

Kirurgi: Ein reklamerer i dag med 60 dagar planlagde operasjonar med folk frå Førde (2-4 stk.) resten er folk frå Eid. Reisetid Førde Eid pr. gang minst 4 timar. Hadde det ikkje vore for denne delen kunne ikkje Nordfjord sjukehus kalla seg eit sjukehus, men medisinsk senter. Her er det utviklingsmogelegheiter med utviding og dermed von om føding på sjukehuset igjen. Ein snakkar om økonomi. Det er utruleg at ein i våre dagar ikkje har råd å ta vare på folket i Nordfjord. Å heve lønningane til sjefar og styrefolk greier ein, men ikkje redde liv og gje folket det dei har krav og rett på.

Nytt: Det er fleire tiltak som blir gjort og som eg er heilt samd i. Krefthjelp, infarkt, demens.

Telemedisin: Dette er ikkje noko nytt. Men det har utvikla seg og ting er blitt betre. Eg kjenner til dette frå då eg for 20 år sidan sat i ei gruppe som arbeidde for det same i lag med televerket. Men blir det bruk godt nok? Det vart sagt på omvisinga at dei har mogelegheitene på legekontoret i kommunane. Står utstyret ubrukt eller? Eg lurer.

God start: Dette tilbodet vart oppretta då fødeavdelinga vart lagt ned. Leiinga skrytte mykje av denne, noko eg er skeptisk til. Det er ikkje heilt sant. Folk som ikkje er styrt av Jon Bolstad har ikkje alle same meininga.

Oppsummering: Eg er klar over at dette er i regi av Helse Førde som prøver å gjere det beste ut av «fyrtårnprosjektet». Dei som eg hadde med å gjere på open dag er utplukka av HF og skal gjere sin jobb for HF og styret der. Det positive sett frå min ståstad, er å sjå at det skjer ting på sjukehuset. Stadleg leiar kan gjerne signalisere vidare at det vi vil er å få eit skikkeleg sjukehus med føde og operasjonar. Det vil seie nok mannskap til å gjere dette.

Når Jon Bolstad i Førde kjem med vyar om utbygging og utvikling, set millionane laust. Og vi har ikkje råd i Nordfjord? Om eg ikkje representerer Sjukehusaksjonen meir, er eg ikkje ferdig med å bygge opp att Sjukehuset til det det skal vere: Eit mønstersjukehus som det ein gang var – som HF reiv ned og no prøver å redde stumpane av. Kanskje var dei 75 millionane som vart øyremerka til Nordfjord sjukehus viktige for folket i Nordfjord?

Vi kan i alle fall ikkje skulde på ordførarane i Nordfjord for å ha gjort jobben sin. Dette bør dei ta inn over seg – folket veit best.

Eg lurer likevel på kvifor dei tilsette heile tida snakkar om transport til Førde. Det verkar som det er det einaste alternativet. Det er fritt sjukehusval og dette er dei tilsette si plikt å opplyse om. Eg veit det og har nytta meg av det. Andre bør òg få vite det.