Raudt Vågsøy har sendt ein uttale frå sitt årsmøtet, kor dei seier klart ifrå at dei ikkje ønskjer noko sniknedlegging av Holvik barnehage.

Ønskjer du å delta i debatten? Send ditt innlegg til fjt@fjt.no!

Ingen sniknedlegging av Holvik barnehage!

Gjennom Fjordenes Tidende har vi blitt kjende med at rådmannen meinar det ikkje finst pengar til å gjennomføre Arbeidstilsynet sine krav mot Holvik barnehage. Hans løysing er å flytte barnehagen vekk frå Holvik anten på kort eller på lang sikt.

Vi fryktar at dette er sniknedlegging av barnehagen og eit forsøk på første spikar i kista på både skule og barnehage i Holvik.

Forholda for både born og tilsette skulle vore utbetra for lenge sia. Ein av grunnane til at dette ikkje har blitt gjort er administrasjonen i Vågsøy kommune sine gjentekne forslag opp igjennom om nedlegging og avvikling i Holvik.

Det er prisverdig og gledelig at noverande rådmann går inn for ei skikkelig heilskapleg rehabilitering av oppvekstsenteret i bygda. Men no må ikkje det beste bli det gode sin fiende.

Når kommunestyret ikkje greidde å bevilge nok pengar til å gjere alt med ein gong må ein berre godta dette. Så får ein bruke energien i lag med dei tilsette på å få Arbeidstilsynet med på ei smidig løysing slik at forholda blir utbetra utan for store ulemper for born og tilsette.

Raudt oppmodar foreldre og tilsette om å stå på for Holvik barnehage.