Dette innlegget er skrevet av Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane, og sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 22. september.

Som i det norske samfunnet elles, er NAV i gang med ei storstilt modernisering der stadig fleire av våre tenester blir tilbydd på nettet.

Gjennom nettsida til NAV samlar vi alt på ein stad. Her kan du registrere deg som arbeidssøkjar, finne og søkje ledige stillingar, berekne og søkje pensjon, sjå utbetalingar, søkje om stønader og mykje meir. Du kan sjekke status i di sak og «chatte» med eininga som behandlar din søknad. Dette er enkelt, trygt, oversiktleg og ressurssparande for deg som brukar og oss i NAV.

Når halvparten av den norske befolkninga er aktive brukarar av NAV i løpet av eitt år, er vi heilt avhengige av å kunne tilby flest mogleg brukarvenlege tenester via nettet. Meir enn 70 prosent av alle søknader om dagpengar og 63 prosent om pensjon vert sendt elektronisk til oss. Av ein eller annan grunn heng vi litt etter her i fylket i bruken av desse tenestene.

Vi veit at brukarane i fylket er svært godt nøgde med servicen dei får på NAV-kontoret og det er flott, men mange av ærenda kunne vore løyst via ditt personlege NAV-kontor på nettet. Ettersom dei aller fleste av oss no kan sende søknadar og følgje opp dette digitalt frå eiga stove, er det ingen grunn til å reise inn til NAV-kontoret og stå i kø der.

Det overordna målet er at brukarar som tek i mot økonomiske ytingar enkelt skal kunne administrere sitt forhold til NAV via nettet, eventuelt med støtte på telefon ved behov. Brukarar med samansette og krevjande oppfølgingsbehov skal ha tett samarbeid med sitt NAV-kontor, med mål om å komme heilt eller delvis i arbeid.

NAV-kontoret vil difor i stadig større grad jobbe som legekontoret, med timebestilling. I eit grisgrendt fylke med lange avstandar, er det viktig for meg å få fram at det svært ofte er heilt unødvendig å reise inn til NAV-kontoret for å levere ein søknad eller hente eit skjema.

Mi oppmoding er difor: Logg deg på ditt eige NAV-kontor med bankid og sjå kva tenester du kan få levert der. Eg trur du vert positivt overraska.