Ein draum

Tenk å vakne ein morgon og vite at alle kommunepolitikarane, dei ansvarlege, i kommunen vår, seier at vi ser at det er rett av oss i dag å seie ja til å ta vare på naturen og den sjeldne kystregnskogen vår. Difor seier vi samla, med tanke på både notid og framtid, nei til inngrepa som er planlagde både på Aksla og i Holmaneset. Vi er valde av innbyggjarane og få av oss signaliserte i valkampen klart og tydeleg kva vi meinte i desse viktige sakene.

I dag ser vi at vi gjekk for langt, dei fleste av oss, i å meine at eit steinbrot på Aksla og ein stor hydrogen/ammoniakkfabrikk nær Svelgen, ikkje var godt nok gjennomtenkt. Vi har latt prosessen gå for fort og for langt. Vi har ikkje, som ansvarlege poilitikarar, greidd å informere eller opplyse dykk innbyggjarar om prosessen vi har delteke i eller vore tydeleg framme med våre kritiske synspunkt, men latt oss fange steg for steg av planprosessane. Vi har venta altfor lenge med å ta standpunkt, sjølv etter at hundrevis av innbyggjarar har bede oss snu, lytte meir til deira uro, deira frykt og deira argument.

Vi har samla kome til at det er viktig å ta vare på den verdifulle resten vi har att av urørt natur i kommunen, at vi ikkje løyser, men vil vere med å skape meir naturkrise ved slike inngrep vi til dels har ivra for. Vi har sett at ei utsprenging av Holmaneset og Aksla, irreversible naturinngrep, vil komme til å vere avgjerder som vil skade kommunen sitt omdømme og folk sin tillit til oss, dykkar folkevalde.

Vi ber om årsak for at vi har latt prosessane gå så langt og at vi ikkje har lytta til råda frå fagfolk og styresmakter og frå dykk som med stor innsikt og engasjement har delteke i debatten. Det har ikkje vore lett for oss å snu, men vi ser at vi kan utvikle kommunen vår meir gjennom å syne at vi er ein naturvennleg kommune og ein kommune som har ein draum om ei framtid der alle generasjonar, unge og gamle, vil trivast. Vi innser at vi må ha ein kommune med færrast mogelg nye naturinngrep. Dette vil igjen vekke stor interesse for turistar og andre som vil oppleve den vakre kommunen vår, ein kommune som har prioritert nettopp å ta vare på det som er att av verdifull natur og alt som lever der.

Vi inviterer dykk alle difor til idédugnadar rundt om i kommunen slik at vi saman kan kome fram til nye vegar vi kan gå for å utvikle bærekraftige arbeidsplassar og trivsel og ny bulyst i Bremanger.