Dette innlegget er skrive av ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap), og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 17. mars:

Vågsøy og Flora, kvifor ja?

Prosessen med samanslåing av Vågsøy og Flora har kome til ein ende, og vi skal ta ei avgjerd om få dagar. Eg vil nemne tre grunnar til at eg meiner vi må seie ja til samanslåing av Vågsøy og Flora:

• Vi skal utvikle kysten saman

Kysten av Sogn og Fjordane har ikkje makta å samle kreftene for å jobbe saman. No har vi moglegheita til å skape ei vekstkraft på kysten.

Med 18.000 innbyggjarar i ryggen skal vi snakke kysten si sak og ta den posisjonen som vi fortener og som vi har potensial til. Ein større kommune vil kunne ta på seg vesentlege utviklingsoppgåver innan til dømes næring, utdanning, samferdsle og IKT.

Vi vil jobbe for å få realisert kystvegen, og stå sterkare saman også der. På kort sikt vil vi jobbe for å få etablert fleire båtruter mellom kystbyane.

Næringslivet i kystkommunane har vore tydelege på at dei ønskjer ei samanslåing som kan bidra til å utvikle det store potensialet som ligg på kysten.

• Dei kommunale tenestene

Å stå åleine vil vere krevjande for Vågsøy. Det nye inntektssystemet straffar oss allereie kraftig. Vi fekk eit merkbart kutt i overføringane frå staten i 2017, og dette vil etter alt å dømme bli strammare framover. Samtidig blir det stadig fleire eldre som skal ha tenester. Økonomien vil bli vesentleg betre i ein samanslått kommune.

I ein større kommune vil vi også ha betre tilgang til fagmiljø som vi i dag er sårbare på. I tillegg vil ein ha økonomiske musklar til å få realisert investeringar som vi i dag slit med å prioritere.

Tenestene til innbyggjarane vil ikkje bli negativt påverka av samanslåinga, tvert imot. Rådhuset i Måløy skal framleis tilby dei tenestene som innbyggjarane treng i kvardagen.

• Kva er alternativet?

Vågsøy har gjennom heile kommunereformprosessen jobba for å få til ein kystkommune. Vi var positive til ein større kommune i ytre Nordfjord. I forhandlingar trekte først Eid seg ut. Deretter sa både folket og kommunestyret i Vågsøy ja til samanslåing med Selje og Vanylven.

Vanylven valde å orientere seg nordover. Selje meinte at Selje-Vågsøy vart for lite. Selje og Vågsøy vart ikkje einige i nye forhandlingar. Eid og Selje forhandla seinare fram ein avtale som det vil vere svært problematisk for Vågsøy å tre inn i. Dette på grunn av mellom anna fastslåing av kystvegtrase som er i strid med Vågsøy sitt syn, og ingen vilje til å fordele rådhusfunksjonar.

Med tanke på dei nemnde utfordringane ved å skulle stå åleine, er eg redd for at eit nei til Flora er det same som eit ja til Eid/Selje, med dei føresetnadene som ligg i deira avtale.

Samla gir desse punkta, i tillegg til ei rekkje andre gode argument, god grunn til å seie ja til samanslåing mellom Vågsøy og Flora. Vi har ein god sjanse, og ein god avtale, og vi bør ta den no.