Dette innlegget er skrive av Jon Ole Eikås frå Bryggja og stod på trykk i Fjordenes Tidende 3. januar.

Kystvegen og kryssing av Nordfjord

Eg har følgt med i media om Kystvegen og dei alternativa som har kome fram, spesielt kryssing av Nordfjord via Tongane-Biskjelneset og Almenning-Helljaren. Eg har studert kart for alternativ når det gjeld kystvegtraseen, og i det høve så kan ein finne mange både realistiske og urealistiske løysinger. For eksempel ser eg for meg bru mellom Åsnes og Oteren som ei mogleg teknisk løysing, men samstundes er det ei svært dyr løysing.

Det er skissert to moglege løysingar i ytre, over Tongane-Biskjelneset og Almenning-Helljaren. Her får ein vekk ferja mellom Måløy og Oldeide, men eg går ut frå at ferja framleis må gå mellom Måløy og Husevågøy. Mitt forslag er at dersom ein vel å la ei bru gå over Gangsøyfjorden mellom Vemmelsvikholmen og Gangsøy, vidare veg søraustover på Gangsøya til Gangsøyskjeret, bru derifrå over Djupsundet til Risøya og vidare ei lavbru over Risøystraumen til Tongane, så vil ein samstundes få vegutløysing for Gangsøya og Risøya i første omgang.

Vidare, ved å bygge 3-4 kilometer med veg nordover frå Gangsøya mot Husevågøya inkludert ei kort bru over Grindøysundet, vil også Husevåg få fastlandsforbindelse. Etter kartet vil frittspennet mellom Vemmelsviksida og Gangsøya bli i overkant 900 meter, noko som etter mine begrep er ei vanlig brulengde i norsk målestokk i dag, der ein har eit tårn på kvar side.

Brua mellom Biskjelneset og Tongane ser eg for meg blir ei meir komplisert bru der ein må anlegge eit høgt tårn midt i fjorden på Risøyskallen og totallengda blir rundt 1.600 meter. Brua over Djupsundet vil bli på cirka 430 meter og ha ei seglingshøgd lik Måløybrua, rundt 40 meter. Eg ser ikkje denne brua som ei stor og dyr utfordring.

Vidare meiner eg at ein over Risøystraumen kan anlegge ei lågbru på pillarar, ei såkalla kassebru, beståande av tre pillarar med pillaravstandar på cirka 80 meter. Totalt sett meiner eg denne løysinga kan bli i sum det same som den lange og meir kompliserte brua direkte mellom Biskjelneset og Tongane.

Samstundes får også øyane Husevågøy, Gangsøy og Risøy fastlandsforbindelse. Ferja blir det ikkje behov for lenger. Eg ser det slik at skal ein først krysse Nordfjord i ytre så bør ein gjere det slik at det tener flest moglege interesser på same tid. Med bru mellom anna mellom Tongane og Biskjelneset så vil ein kunne sløyfe ferja på strekninga Oldeide–Måløy, men kva med dei øvrige som nyttar denne ferja, befolkninga på Husevågøy? Der er sjølvsagt ikkje så mange innbyggarar, men dei er blitt vane med ferje, og då er det ikkje så lett å ta dette tilbodet vekk.

Dermed må eit ferjetilbod halde fram mellom Måløy og Husevågøy, et tilbod som truleg Vågsøy kommune må stå for på lik linje med tilbodet som folket på Barmøya har i dag, og som Selje kommune står for. Med vegutløysing vil det også lette drifta av oppdrettsanlegga som er tilknytta denne øya.

Dette er et gyldent øyeblikk å gjere dei tre øyane Husevågøy, Gangsøy og Risøy landfaste, ellers blir det å halde fram med bygderuter med hurtigbåt og ferja til Husevågøy. Vil mellom anna ferjeavløysingsmidler bli fullt overført til brubygging om ferja held fram å gå, er også eit interessant spørsmål.

Dette framlegget ser eg for like realistisk som dei to andre nemnt over. Mogleg at dette er i seinaste laget, men eg oppmodar både vegvesen, styret for Kystvegen Måløy–Florø og Vågsøy kommune om å vurdere denne ideen. Her blir det snakk om to bruer av mindre format og ei kort bru kontra ei lang og meir komplisert, og høgst truleg ein god del dyrare, bru.

Og ikkje minst; fleire får vegutløysing og ferja er ute av bildet for godt.

Innleggsforfattaren har tidlegare jobba som ingeniør i Telenor/Relacom, men har hatt interesse for veg- og brubygging i fylket. Han har ingen personlege eller økonomiske interesser av framlegget.