Dette Innlegget er skrive av Laura Marie Fure og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 8. juli:

Kven har ansvaret?

Årsheimstranda (også kjend under fv. 620) har i mange år vore «den smale veg» for all transport til og frå bygdene på nordsida av Stadhalvøya.

Få av oss har verkeleg sett kvar vegen eigentleg låg. No har det vorte saga ned nokre tre ved sida av vegen, m.a. på vegkanten som vender mot sjøen.

Vi har prøvd å ta eit bilete frå ein av desse plassane. Her ser vi vegen ved sida av der det er hogge. Ser ein akkurat der hogsten har starta, vil ein sjå at det er ingen ting som vernar dersom ein bil er uheldig og kjem utfor kanten. Då går det rett i sjøen.

Her køyrer privatbilar, motorsyklar, bussar, dyretransportar og trailerar (som til sine tider har vanskar med å forsere stranda). Kan nokon svare på kven som er ansvarleg for at vegen her vert sikra mot sjøen? Kva om nokon køyrer utfor på ein slik plass?

Då vegen gjennom Kjøde vart omlagd (og det var på tide), vart det stilt spørsmål om kvar vi skulle gjere av overskotsmassen.

Nokre av oss meinte at vegen kunne vel bli regulert, men det kunne han ikkje, for han stod ikkje på Selje kommune sin arealplan.

Det kan eg ikkje sjå at han gjer i dag heller, utfrå dei utsende dokumenta til ny arealplan. Her snakkar ein om å utvide turisttrafikken med skikkeleg anlegg på Kjerringa. Då må det første ein gjer, vere å få denne vegstrekninga inn på arealplanen. Det nyttar ikkje å snakke fint om å styrke næringslivet på Stad utan å ha veg som vi kan ferdast på.

Vegen bør sikrast no, og vegen må inn på arealplanen til gagn for både næringsliv og innbyggarar i Selje kommune.

Laura-Marie Fure

Innbyggar i Selje, busett på Stadlandet og ofte trafikant på Årsheimstranda