Denne leiaren er skriven av redaktør Erling Wåge, og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 6. januar:

Laurdag kan Atle Solheim frå Selje Idrettslag bli årets eldsjel i Norge. Solheim er ein av fem finalistar i denne prestisjetunge kåringa på idrettsgallaen.

Uansett om Solheim skulle vinne eller ikkje på laurdag, så er det ei stor ære å bli plukka ut blant dei fem i «finalen».

Om Solheim heiter det at han tek ansvar, er vedtaksdyktig, tydeleg og uredd. Han har tidlegare fått prisar frå blant andre kommunen, fotballkrinsen og UEFA. Solheim er så absolutt ein verdig kandidat. Han er eit godt føredøme og eit godt eksempel på ein som brenn for bygda si og laget sitt. Han jobbar gratis for at andre skal ha ein flott hobby og at det skal skje noko rundt han. Han spreier gode haldningar og får andre med seg på laget både på og rundt bana. Skal vi ha dyktige idrettsutøvarar trengst det engasjerte, positive og energiske gratisarbeidande frivillige.