Dette innlegget er skrive av Svein Hansen som er leiar for Sjukehusaksjonen Nordfjord. Innlegget stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 15. juli:

Vi treng ei forklaring Bjørlo (Del 1)

Viser til Alfred Bjørlo (Eid-ordførar) sitt innlegg i Fjordabladet den 8. juli om gode helsetenester i Nordfjord.

Det er fleire og fleire som spør meg om kva som er din skjulte agenda som ordførar i Eid kommune, for og ha ei slik haldning som du har i denne viktige saka. Spørsmåla er mange og ikkje mindre etter det siste innlegget ditt i avisa.

Når eg svarer at dei får spørje deg, så svarer dei fleste at dette kvir dei seg for. Dette forstår eg veldig godt for maken til kombinasjon av mobbing og hersketeknikk i skrift og tale skal ein leite lenge etter for dei som måtte ha ei anna oppfatning eller anna løysing på ei sak.

Eg viser til mi erfaring som folkevald i Selje kommune i 7 periodar og til Fylkestinget i Sogn og Fjordane i 2 periodar. I kjent stil no som før så er det ingen i Nordfjord som veit og kan meir om det «gode» helsetilbodet vi har i Nordfjord enn du. Ja, eg held nesten på og gløyme unntaket, men dei er frå Førde. Fagdirektøren Hans Johan Breidablikk og direktør Jon Bolstad. Dette har ikkje minst vi i Sjukehusaksjonen Nordfjord blitt minna på ved mange høve.

Legane i Nordfjord veit ikkje pasientane sitt beste, slik har det vore sidan kampen starta i 2002. Dei som veit best, har bustadadresse andre stader. No er det ny lege i Nordfjord legevakt, no skal han settast på plass, legevaktsjefen Ingebrigtsen eller den tidlegare legevaktsjefen Trond Inselseth har sjølvsagt ikkje greie på korleis helsetilbodet i Nordfjord verkar eller kva som er beste løysinga for pasienten.

På nytt angrip du og på nytt hevdar du ting som er ein fin balansegang mot den verkelege verda for pasientar i Nordfjord, døme er det nok av. På nytt bruker du det som er blitt ditt beste varemerke og som du gjentek så mange gangar at enn del folk trur at slik er det. Dei som har ei anna oppfatning av helsetilbodet får i klar tekst vete at dei snakkar ned Nordfjord sjukehus eller snakkar ned dei tilsette. Dette veit du ikkje er korrekt, skift stift på plata.

Dei som føljer objektivt saka veit at du ikkje har rett i det som blir hevda. Legane veit ikkje kva dei snakkar om og legg til at dei ikkje bygger uttalene sine på fakta.

Kjære Alfred, no må du vere veldig forsiktig. Er alltid din uttale i tråd med fakta? Du skriv at føretaksgrensa ikkje er noko hinder for planlagde tilbod. Du veit så mykje betre enn du skriv i dette innlegget.

Vi veit begge at grensa er eit stort hinder i forhold til både planlagde og akutte operasjonar. I tillegg kjem den skremselspropaganda som blir brukt effektivt frå Førde og som du er ein del av. Du viser til statistikk. Kva med statistikken om det var fri ”flyt”, eg trur det hadde blitt ein endå betre statistikk for Volda.

Din påstand at dei skryter Volda opp i skyene, eg minnest ein som ikkje akkurat roste legane i Volda. Vedkommande som var du, var veldig mistenksam at legane der hadde ein annan agenda enn å tenke på pasienten sitt beste. Det er heilt rett som det blir hevda, vi i Nordfjord har verkeleg blitt snytt for ei optimal helseteneste.

Eller meiner du at opplegget for Selje og Vågsøy er ei optimal teneste. I næringslivet er det ingen grenser, ikkje mot utlandet heller. Her er det totalt det beste tilbodet som er avgjerande Men slik er det ikkje når det gjeld sjuke personar, då skal det vere ei kunstig grense som hindrar at dei får eit optimalt helsetilbod. Vi som bur i «grenselandet» i «trivselsfylket» skal utfordre dei som vil halde på fylkesgrensa og helseføretaka.

Vekk med dei, dei har utspelt si rolle for lenge sidan. Vi lev i 2016. Fokus på pasienten og pårørande.