Denne kommentaren er skrevet av Arnfinn Kolerud og sto på trykk i fredagens utgave av Fjordenes Tidende.

No har det gått så lang tid sidan kommunestyrevalet at det er lov å ha andre kjensler enn frustrasjon. Vi kan prøve å skratte litt innimellom. Det skal vere godt for helsa.

Det einaste irriterande med skratting er at folk berre veltar ha-ha og ho-ho ut av seg heilt på måfå, som om det ikkje fanst reglar. Desse har eg for lengst skrive om i ei bok, men kven les bøker? Nei da, det er berre Farmen og YouTube og heimelekser og Champions League.

Her kjem ein kortversjon:

Ha-ha

Den vanlegaste skratten vår. Kjem når ein ser folk dumme seg ut for skjult kamera eller gjer pinlege tabbar, som å miste alle myntane på golvet i bussen i nedoverbakke. Ein ler slik, i forakt, når ein ser naboen kjøpe tjue pakkar surkål berre fordi dei er på tilbod. Og når ein ser vaskedama på skulen springe 60-meter. Med bøtte. Og kvar gong ein tenker på det etterpå.

He-he

Kjem ut av dei som har gjort noko utspekulert. Storeulv ler slik når han gnir seg i hendene og ventar på at dei tre små grisane skal gå i fella. Ein fotballspelar som slår tunnel på ein motstandar kan knegge he-he for å verkeleg smørje det inn.

Hi-hi (også ti-hi)

Ein litt lur latter, men snillare enn he-he. Hi-hi kjem frå veslesøstrer som gøymer seg bak gardiner. Du høyrer hi-hi når nokon kiler ein annan under føtene, både frå den som kiler og den som blir kila.

Ho-ho

Kjem når vi er glad og litt redd på same tid, som når vi renn fort på ski, eller svømmer i kaldt vatn, eller får mykje pengar ut av ein kroneautomat.

Hu-hu

Dette er ikkje ein latter. Det er du som høyrer feil. Det er spøkelser og skrømt som prøver å skremme deg med u-hu.

Hæ-hæ

Blir skratta av vondske. Slemmare enn he-he. Kjem frå sjørøvarar som tvingar uskuldige til å gå planken der det er hai i havet. Vi ler hæ-hæ når ein blærete motstandar må pantsette alle gatene sine i Monopol. Ofte å høyre (også præ-hæ) når fulle menn fortel grove vitsar til kvarandre.

Hå-hå

Når noko går stokk over stein. Når vi ser ein terrengsyklist som køyrer inn i ein stein og flyg med hovudet først inn i eit kratt. Når to gorillaer ryk i hop i slåstkamp. Når vi ser ei gammal dame som nesten ramlar på isen. Når ho endeleg ramlar, ler vi ha-ha.

Ha-ha ei morosam helg!