Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) og Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) har skrive dette innlegget:

Regionreforma og Nordvestlandet

Langsiktige perspektivMedan kva oppgåver dei nye regionane skal ha kan variere over tid, er avgrensing av dei langt meir kritisk sidan grensene vil gjelde i minst 20 til 30 år før det er aktuelt med ny reform. Når nye kommunikasjonar kryssar kommunale og regionale grenser blir nye regionar og grenser etablert. Regionreforma må take omsyn til slike endringar. I samanslåingsprosessen ser vi at vi får store utfordringar med overføring av ansvar mellom fylkeskommunar, statlege føretak,  direktorat m.m. Ny regioninndeling vil etablere nye grenser og intensjonen om at statleg verksemd skal følgje regioninndeling kan skape nye og store utfordringar i område som på Vestlandet der overgangen frå sjø til veg endå ikkje er fullført. Dei store offentlege investeringane i Eiksundsamband og Kvivsvegen er til dømes fortsatt ikkje fulgt opp med samordning av offentlege kommunikasjonar, akuttkirurgi, vidaregåande skule m.m. innanfor den nye bu- og arbeidsmarknaden. Når nye grenser for regionane blir vedtekne må ein unngå slike utfordringar.

Etablering av ein stor Vestlandsregion forutset at slike kommunikasjonsendringar blir gjennomført i nær framtid, spesielt fergefri E39 men og betre integrert sjø- og lufttransport. I dag er Gardermoen og Oslo det mest sentrale punktet for dei ulike bu- og arbeidsmarknadsregionane på Vestlandet, langt meir enn Bergen eller Stavanger. Om ein stor Vestlandsregion skal fungere må området integrerast kommunikasjonsmessig og "frigjerast" frå Oslo, noko som vil vere ei svært langsiktig og kostbar oppgåve.

I ein framtidig struktur der Sogn og Fjordane og spesielt Nordfjord har langt tettare samband med Oslo enn med Stavanger og Bergen og der vi i folketal utgjer ein svært liten del, er vi redd for at vi blir langt meir periferi enn vi er i dag. Sidan ein kan fortvente at Bergen og Stavanger vil dominere politisk i den nye vestlandsregionen, fryktar vi at Nordfjord blir sett på sidelinja ressurs- og utviklingsmessig. Vi vil derfor argumentere for to alternativ; a. ein region med hovudtyngd av kommunane i noverande Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og om ikkje det er mogleg, b. ein region med Hordaland, Sogn og Fjordane og sør-delen av Møre og Romsdal.

Vi vil, som grunnlag for vår vurdering, skissere nokre grunnprinsipp vi meinar bør følgjast i regionreforma.

Framtidige bu- og arbeidsmarknader må vere grunnsteinar i regionavgrensingGjennom samferdselsplanlegginga er det rimeleg avklart kva bu- og arbeidsmarknader (45 minutt reisetid bustad – arbeid ein veg) vi vil ha om 20 til 30 år. Til dømes i vårt område har Eiksundsambandet og Kvivsvegen integrert området til ein sams bu- og arbeidsmarknad som omfattar kommunane Herøy, Sande, Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda og Hornindal og store delar av Stryn og Eid. I løpet av 10 år vil vidare utbygging av E39 og fv. 60 med meir vil integrere heile Stryn og store delar av Stranda kommune i bu- og arbeidsmarknaden med Volda-Ørsta som sentrum og med snart 70.000 innbyggarar. Av desse bur over 15.000 sør om noverande fylkesgrense. Kommunikasjonstiltak på kysten vil ytterlegare integrere BA-regionen slik at den i praksis vil omfatte området mellom Nordfjorden og Storfjorden og der verksemd må sjåast i samanheng. Ei regiongrense som splittar dette og tilsvarande nye BA-regionar andre stadar i landet, vil skape store hinder for samfunnsutvikling og livskvalitet. Vestlandsregionen utan justering av noverande fylkesgrense vil føre til store ulempar i Nordfjord og Søre Sunnmøre.

Byregionar bør ikkje delast oppKring større byar er det med 2 til 3 timar reisetid med bil eit område som er sterkt integrert i storbyen gjennom næringsmessige og sosiale band og med betydeleg langpendling. Slike byregionar bør ikkje delast opp. Bergen er nordover i realiteten avgrensa til Sognefjorden og nye kommunikasjonsendringar i dette området vil i liten grad påverke utbreiinga av Bergen byregion. I nord fører forbetra kommunikasjonar til Trondheim til at Trondheim byregion vil omfatte delar av Nordmøre, spesielt sør til Halsafjorden og etter kvart også mot noverande fogderigrense mellom Romsdal og Nordmøre. På Nordmøre har 7 av 11 kommunar, inklusive Kristiansund, markert at dei vil bli med i Stor-Trøndelag. Dette er ein direkte følgje av at influensområdet til Trondheim omfattar desse kommunane i dag. Det er rimeleg å tru at Møre og Romsdal ikkje kan fortsetje som eigen region utan desse kommunane.

Om regionane som skal dannast no deler opp desse potensielle byregionane, vil ein få samordningsutfordringar tilsvarande dei vi i dag ser i vår region der administrative og politiske grenser er klart til hinder for rasjonell og effektiv bruk av offentlege ressursar og med store ulempar for borgarare. Tilsvarande gjeld i stor grad næringsklynger som det vil vere ein stor fordel om kan forhalde seg til ein region i staden for mange.

Store regionar - store oppgåverEtablering av kring 10 regionar vil på sikt føre til ei omfordeling av oppgåver mellom region og stat og mellom region og kommune, det siste i stor grad avhengig av kommunestruktur. Vi meinar at:

1. Regionane bør ha ansvar for oppgåver som er spesielle for regionen – til dømes innan samfunnsutvikling, nærings- og sysselsettingspolitikk, planlegging og samfunnssikkerheit er det  store forskjellar mellom utfordringar på Vestlandet og Oslofjordområdet.

2. Regionane bør ha ansvar for oppgåver som skal vere nær borgarane men som er for store/lite hyppige for kommunenivået, gjerne i samarbeid med kommunane og staten – døme er vidaregåande skule og profesjonsutdanning, avansert helsestell og omsorg, regionale kommunikasjonar, miljø- og naturvern, kulturtilbod - ja til og med sivilforsvaret.

3. Regionane bør ha ansvar for regionalpolitikk og regional utvikling, regionretta forsking og utviklingsarbeid og tilsvarande offentleg samarbeid og innovasjon – spesielt næringsutvikling, utvikling av sivile samfunn og regional offentleg verksemd. Noreg har store regionale variasjonar i næringsstruktur og samfunnsutfordringar og regionane bør ha ansvar og ressursar til å kunne møte slike spesielle utfordringar.

To alterantiv på NordvestlandetUt frå den framtidige strukturen skissert ovanfor vil vi peike på to alternativ vi meinar er tilfredsstillande for Nordfjord og Søre Sunnmøre.

NordvestlandetSlik vi har peika på ovanfor vil området mellom Sognefjorden og Nordmøre i overskueleg framtid ikkje vere inkludert i byregionane Bergen og Trondheim og kan vere ei naturleg eining med om lag dei same utfordringane, sterke industrielle fagmiljø m.m. og eit folketal på snart 300.000. Framtidig utbygging av E39 vil binde området saman og gjere at reisetida frå sør til nord kan bli under 4 timar. Denne regiondanninga er imidlertid avhengig at det blir rask framdrift i kryssinga av Storfjorden, Romsdalsfjorden og Nordfjorden.

Fjord – Bergen, Hordaland og NordvestlandetEit anna alternativ er at område nemnt ovanfor blir tilordna ein av storbyregionane eller blir splitta opp. Vår vurdering er at området til og med Sunnmøre er klart prega av vestlandsk kultur og entreprenørskap. Kommunikasjonane til Bergen er ikkje gode, men betre enn til Trondheim i dag. Om det ikkje er mogleg å danne ein eigen Nordvestregion som omfattar det meste av noverande Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, vil vi sterkt gå inn for ein ny region med hovudsenter i Bergen og som omfattar noverande Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, alternativt Sunnmøre og sørsida av Romsdalsfjorden.

Nordfjord og Sunnmøre må vere i same regionVi vil til slutt presisere at uansett strukturval må Nordfjord og Sunnmøre tilhøyre same region. Framtidig regiongrenser må ikkje deler opp dette bu- og arbeidsmarknadsområdet som er skapt av veginvesteringar i milliardklassa og som vidare utbygging av E39 med sidevegar vil integrere ytterlegare dei komande åra. Vi er reserverte til forslaget om ein stor vestlandregion slik den er skissert fordi den ikkje vil integrere den framtidige bu- og arbeidsmarknadsregionen vår, i staden etablere endå meir markerte og splittande grenser. Nordfjord blir også ein ekstrem periferi i ein region dominert av Bergen og Stavanger.