Dette innlegget er skrevet av Frode Falkevik Kupen, nestleiar Vågsøy Ap, og 2.-kandidat til kommunevalet. Innlegget sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 8. september.

Mange parti ønskjer å stå fram som den beste garantisten for å behalde skule og barnehage i Holvik. Det er i denne saka stemmene frå vestre krets skal kaprast til kommunevalet.

Vi vil påstå at det blir gjeve mange tomme garantiar, for kva parti følgjer opp lovnadane? Barnehagen er stengt og flytta til Vågsvåg. Når opnar denne igjen, kvifor er ikkje renoveringsarbeidet i Holvik barnehage i gong?

Realiteten er at «garantistane» konsekvent har jobba for kutt i prosjektets budsjettramme, og stemt ned alle Ap sine forsøk på å få auka bevillinga i budsjettet igjen. Hadde våre gjentekne forslag om å auke opp budsjettet igjen blitt vedtekne, seinast i kommunestyret 29. januar, hadde barnehagen snart vore klar til innflytting igjen. Budsjettet som blei vedteke i desember 2014, var eit endringsforslag lagt fram av Sp, Frp, KrF, Bryggjalista, og stemt gjennom med støtte frå V og SV.

Rådmannen budsjetterte 14 millionar til prosjektet i Holvik, i det nye budsjettet reduserte partia dette til 4 millionar. Det går ikkje an å forstå korleis desse partia tenker å stå ved lovnadane, når dei samstundes fjernar midlane til å gjennomføre tiltaka.

Ap var krystallklare på at dette budsjettet kunne resultere i nedlegging av enten barnehagen eller skulen, og dessverre kan det sjå ut som at det kan bli realiteten, om ein ikkje no får ordna opp.

Vågsøy Ap meiner at det er uhaldbart at renoveringsarbeidet enno ikkje er i gong ved Holvik barnehage. Vi vil fortsette å jobbe for at det skal løyvast nok pengar, og at det ikkje blir fleire politiske løftebrot i denne saka. Barnehagen skal tilbake til Holvik!