Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 2. juni:

Nyleg hadde vi ein reportasje om at Kulatoppen i Vågøy hadde tilsett fire unge menn. Det er gledeleg og det er eit eksempel til etterfølging for andre. Dei ekstra kreftene mannlege tilsette har, kan av og til kome godt med i ein institusjonskvardag med mange tunge løft.

På ein institusjon har ein som regel halvparten av kvart kjønn som bebuarar og det bør ein også prøve å få mellom dei tilsette. Det vil kunne føre til meir trivsel på arbeidsplassen. Både for tilsette og bebuarar. Dei fire nytilsette gutane på Kulatoppen fortel om kjekke, varierte og spennande oppgåver.

Det er ikkje tvil om at det å vise omsorg for eldre og sjuke er mellom dei aller viktigaste arbeidsoppgåvene vi har i vårt samfunn. Det finst nok mange yrke som er betre betalt enn det å vere omsorgsarbeidar, men få yrke som er viktigare. Det å ta vare på dei som har bygd vår velstand bør både vere ei ære og ei plikt.

I tronge budsjettider bør våre folkevalde finne andre stader å kutte enn i bemanninga på institusjonar og heimehjelp. Det blir litt mindre kjekt å gå frå arbeid dersom ein føler at ein ikkje ein har fått gjort alt ein skulle på grunn av nedbemanning som skuldast dårleg økonomi.