Innlegget er skriven av Selje-ordfører Stein Robert Osdal (KrF) og rådmann Ørnulf Lillestøl:

Selje Hotell

Hotellbrannen har skapt mange og vonde sår hos mange. Vi bær alle på ein frustrasjon over kompleksiteten i denne saka og ting tar tid. Det å vere tolmodig, men samtidig ha eit positivt syn på framtida, er vel det som er viktigast no.

Vi skjøner godt at folk er utolmodig fordi det sidan brannen ikkje har skjedd så mykje med Selje hotell. Den siste tida har det i tillegg begynt å versere ein del rykter om kva strategiar og planar kommunen har. Etter siste oppslag i Fjordenes Tidende kan det verke som om det foregår ein eller anna form for hemmeligheitskremmeri når formannskapet lukker dørene i sine drøftingar.

Formannskapet har valgt å halde nokre av sine diskusjonar interne av fleire grunnar. Andre partar, både samarbeidspartar og aktørar som vurderer å engasjere seg tettare har bede tydeleg om at dei ynskjer å kunne drøfte med kommunen utan at deira tankar og planar vert gjort kjende. Desse tankane er førebels av ein slik karakter at dei ikkje utfordrar kommunen i høve meir formelle beslutningsprosessar til dømes som planmynde eller tilsynsmynde. Formannskapet har då akseptert at kommunen ikkje vil risikere at mogelege samrbeidspartnarar  forsvinn tidleg i sonderingar fordi vi ikkje respekterar deira ynskje.