Denne veka var fleire av medlemmene i hovudutvalet for opplæring i fylket på synfaring til Nordfjord. Skulane på Sandane, Eid og Måløy fekk alle besøk. Forslaget til ny tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane har skapt vantru og sjokk, så det er ikkje rart dei er på tur. For Måløy er forslaget å kutte meir enn 100 elevplassar, medan Firda vgs. skal miste 42.

I saker som dette ser ein litt for ofte at folkeaksjonar og pressgrupper kjem på bana etter at dei politiske miljøa har bestemt seg, og sakene er vedtatt. Då slår jussen inn og vilkåra for folkeleg engasjement blir tyngre.

Difor er det viktig at folk no brukar høyringsperioden. Seks veker denne våren der alle er inviterte til å seie kva dei meiner. Folk flest, ungdom, foreldre, næringslivet, organisasjonar  og dei lokale politiske miljøa må forstå at det er viktig å framføre dei gode argumenta til rett tid, og at den tida er no.

Når det er sagt så har mange profilert seg godt allereie. Særleg Måløy Vekst og Stad Vekst har gjort ein formidabel jobb med å fronte næringslivet sine behov.

Vi vil også rose utvalet for å la seg informere. Fylkespolitikarane har ambisjon om å besøke alle skulane som er omfatta av forslaget. Reiseplanen viser kor bra demokratiske prosessar kan fungere i praksis når dei involverte blitt tatt med på råd og lytta til. Ikkje som i ein skinnprosess, men som ei lang linje frå Eidsvoll og fram til i dag.

Under besøket til vårt område fekk dei folkevalde stadfesta at Nordfjord har tradisjon for å stå saman i skulespørsmål. Vi er likevel samde med ordførar Sigurd Reksnes i Stad som seier at saka om tilbodsstruktur set samarbeidet på prøve. Det er fordi dei vidaregåande skulane er viktige institusjonar for lokalsamfunna. Denne saka vil vise om Nordfjord nok ein gong klarer å stå saman og støtte kvarandre.

Det er som kjent betre å henge saman enn å bli hengt kvar for seg.