Dette innlegget er skrive av Paul sundnes, Unni Silden Hennøen og Jarl-Magne Silden, som alle er med i styret i Silda velforening, og stod på trykk i Fjordenes Tidende 25. august.

– Ikkje positive til planane om etablering av oppdrettsanlegg på Silda

I tysdagsavisa 22. august uttaler leiaren i Silda velforeining at ein ikkje er like lunkne til planen for eit oppdrettsanlegg på Silda. Resten av styret er ikkje einige i dette.

Etter telefonar frå både medlemmer og ikkje-medlemmer, så vel resten av styret og presisere ein del forhold og nokre fakta. Styret registrerer som sagt ingen mindre motstand etter folkemøtet på Silda 27. juli. Styret synest det er uheldig og pinleg at formannen uttaler seg som han gjer i avisa på vegner av Silda velforeining. Som formann så må han stelle seg til vedtak gjort av styret og fronte desse, så lenge han uttalar seg som leiar i velforeininga.

Silda velforeining har ikkje gjort om på sitt vedtak, som er klart imot ein dispensasjon til fortøyingane til eit oppdrettsanlegg. Og etter ein del medieoppslag om støy frå oppdrettsanlegg, der naboar til desse faktisk går til det skritt å politimelde selskap grunna støy etc. så er ikkje motstanden på Silda mindre.

På denne øya, som i diverse reiselivstidsskrift og aviser blir kalla for det «bilfrie paradis», kan ein kan få total ro og stille, vandre rundt i fred og ro og berre høyre fuglar og sjø. Det er slik vi framleis ønsker å behalde Silda i framtida. Til glede for folk frå fjern og nær som nyttar øya til rekreasjon.

Styret i Silda velforeining må få rose og skryte av saksbehandlar og rådmannen i administrasjonen i Vågsøy kommune som greier ut saka og tilrår å nekte ein dispensasjon på fortøyingane. Også Fylkesmannen si tilråding i saka er å ikkje tilrå dispensasjon. Formannskapet i Vågsøy vel å ikkje etterfølge, men gi ei positiv tilråding.

Kva er det som får formannskapet til å velje å sjå bort frå klar tilråding om ikkje å gi dispensasjon til det og vere positive?

Her har nok Sverre Søraa brukt same argument over for medlemmene i formannskapet, som på Silda i folkemøtet. Lovnader om arbeidsplassar og ringverknader – berre dei får etablere seg. Sverre Søraa viser til ein ny rapport frå SINTEF om synergieffektar av ein lokalitet. Denne rapporten seier 42 arbeidsplassar. Det er heilt sikkert rett på ein ny etablering (ny konsesjon).

Sverre Søraa og Martin Øvrebø er nokre fantastiske seljarar. Og all ære, til dei for det dei har fått til gjennom Coast. Det står det respekt av.

Men i dette tilfellet blei ikkje alle sildarar omvende slik formannskapet tydelegvis blei. Dette handlar om flytting av eit allereie eksisterande anlegg, så gevinsten av synergieffekten er allereie tatt ut.

På direkte spørsmål på folkemøtet om kor fisken skal slaktast, svarar Øyvind Blom: på vårt eige slakteri i Hordaland. Også på spørsmål om reinsing, vasking av nøter og annan service svarte han, fortrinnsvis på eigne anlegg. Altså Hordaland. Volumet av laks som er produsert på denne lokaliteten, ligg i Hordaland i dag. Om ein flytter den til Vågsøy, og produserer laksen her, så er det ingen gevinst i form av synergiar her heller. Coast sel volumet allereie i dag.

Det einaste kan vere røktarane på anlegget, om dei då ikkje følger med på flyttelasset, går skift og pendlar tilbake til Hordaland. Så sorry, Sverre, synergieffekten på 42 arbeidsplassar, er som sagt allereie tatt ut.

Formannskapet kjøpte tydelegvis dette, trass tilrådinga frå rådmann og fylkesmann om ikkje å gi ein slik dispensasjon. Dei vel også å sjå bort frå klagene frå grunneigarane på nabovarselet. Eg har òg vanskar med å seie nei til næringsutvikling, men her er det gitt dispensasjon på feil grunnlag. Når Elisabeth Elliott seier at motargumenta ikkje er relevante og at ulempene ikkje er større ein fordelane, då er Silda velforeining, hovudristande usamd i ein slik arroganse.