Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 27. januar.

- Linea har rørt mange

Det er spesielt at eit barn på 12 år vil arrangere konsert til inntekt for forsking på ein vond og vanskeleg sjukdom.

I to år har 12 år gamle Linea M. Midtbø Helgestad snakka om å lage støttekonsert. Grunnen er «kameraten» Svein Ove Falkevik som fekk den alvorlege diagnosen ALS for nokre år sidan.

Venskapen med Linea starta då Falkevik jobba på ein leikebutikk i Måløy. Her jobba han til han måtte slutte på grunn av sjukdommen. Heilt sidan ho høyrde at Svein hadde fått ALS, og ho fekk vite kva sjukdomen innebar og at det ikkje finst noko hjelp til å bli frisk igjen, har ho hatt ideen om å samle inn pengar til ALS-forsking.

Og laurdag 20. mai skjer det. Då håpar ho å fylle Samfunnshallen både med folk og variert musikk. Den unge musikkinteresserte jenta frå Raudeberg har ein minst like musikkinteressert far, Frode Helgestad, på laget. Han har jobba med kor og musikk i mange år og er nok ein viktig støttespelar.

Det er flott at eit barn vil hjelpe folk som har det vanskeleg på denne måten. Ho samlar inn pengar til ein alvorleg sjukdom det ikkje har vore forska så mykje på. Ho bidreg også til fokus på denne, for mange, ukjende sjukdomen. Ho er med å skape håp.Vi er temmeleg sikre på at Linea vil sjarmere dyktige kulturkrefter til å stille opp, og at dette blir veldig bra. Når eit barn gjer slikt, så rører det oss. Ikkje berre viser ho omsorg og vil hjelpe ein ven. Ho vil skaffe pengar som kanskje kan hjelpe andre som har hamna i ein vanskeleg situasjon med ein slik sjukdom, og ho vil gjere det med song og musikk.