Dette innlegget er skrevet av Jostein Eimhjellen frå Bremanger kommune.

Vil Bremanger i framtida få bruke pengane i eigen kommune?

Bremanger Arbeidarparti og Bremanger Senterparti viste samfunnsansvar ved å stå i mot presset for vidare spekulasjonar om ein stor kystkommune. At fleirtalet stolte på Bremanger si eiga utredning og sa nei til å inngå inttensjonsavtaler for eventuell samanslåing var fornuftig av fleire grunnar.

For det første er det bra at regjeringa får nokre signal tilbake om at vi ikkje ønskjer den sentraliseringspolitikken som no blir ført. Eit tidleg nei, utan fleirtal for at Bremanger skulle gå i gong med intensjonavtaler, gjer også bruk av tvang frå staten lite aktuelt, i følgje Knut Henning Grepstad, som har jobba heile sit liv i fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Det kan sjå ut som enkelte i Flora er fortvila og nedtrykt fordi vi i Bremanger ynskjer å styre eigen kommune åleine. Dette til tross for at  fleirtalet i Flora sjølv også er i mot dei visjonane som ligger i ein kommunereform. «Tvangsgutane» Jacob Nødseth og Frank Willy Djupvik i Florø er store motstandarar av at Flora kan bli ein del av ein særdeles stor og robust Sunnfjord Kommune.

Jacob utleverer seg sjølv når han kjem opp med den «krigerske ideen» om å forsette  prosessen med ein kyst kommune , der ein ved hjelp frå regjeringa til slutt skal få tvinga Bremanger med. Under Byhjorten si spalte i Firdaposten vart heile senarioet med god grunn samanlikning med Hitler og Stalin som okkuperte Polen og delte landet mellom seg. Tabben til Jacob i sit forsøk på taktisk krigføring er å fortelje alle om sin utspekulerte og kyniske plan. Dermed  er det no berre for Bremanger kommune sjå til at vi ikkje går i fella ved nye forsøk.

Når vi veit at målet med kommunereform er stor drift og dermed nedbygging av tilbod i distrikta, er det underleg at Bremanger Høge, Venstre og Sv vil i gong med intensjonsavtaler, og dermed også i større grad sette kommunen i fare for tvungen samanslåing.  Det må ikkje være tvil om at regjeringa sit ønskje er ei storstilt sentralisering av tenestetilbodet, der ein ikkje tek omsyn til at det skal bu folk i distrikta. Regjeringa vil at folk frivillig ser at byen er den einaste egna staden for busetnad, slik at utkantane dør ut.  Stader som Ytre Bremanger med Kalvåg er ikkje i regjeringa sin innsparingspolitikk egna for offentlege tilbod og busetnad. Dette skal være rekreasjonsområde med kun nokre fungerande reiseliv bedrifter, og  Svein Inge Fosse som står på kaia om sommaren og ønskjer alle velkomne.

Når Per Røys i Kalvåg hevder han har 600 trailerar som skal kjøre til Måløy årleg, og at vi dermed må dimensjonere vegane og legge til rette  for dette , så er regjeringa sit svar at her er det berre å flytte fiskerihamna til Måløy eller Florø. Eit fiskemottak på ei øy heilt i havgapet er feilplassert, om vi skal følgje Høgre sin stordrift politikk. I så måte bør Kalvåg som samfunn være glad for at avgjersla om eit stor statleg finansiering til fiskerihamn kom med god hjelp frå lokale politikarar og Bremanger kommune, og før den nye regjeringa fekk fotfeste.

Vi kan alle være einig med  Jorun Frøyen som er fortvila fordi folketalet går ned og at ungdomen flyttar vekk,men det er vanskeleg å sjå korleis kommunesamanslåing  skal gjere situasjonen betre?  Om målet med kommune reform var ein desentralisert modell med fortsatt offentlege tilbod i distrikta, ja då forsvinner heile innsparing potensialet som ligger i reforma. - Då bør vi heller forsette som eigen kommune som i dag, slik som Bremanger Ap og Sp no har stemt  for.

Vi bør som eigen kommune fokusere på kva vi trur skal til for å få folk til å flytte hit, og korleis vi kan utvikle nye arbeidsplassar. I Svelgen er det til dømes stort behov for meir tilgjengeleg næringsareal i samsvar med reguleringsplan. Vi treng også tilgang til å byggje klare tomter så det kan byggast nye bustader. I Ytre Bremanger og i dei ulike bygdene, er det sikkert også mange forslag til tiltak som kan bidra til vekst og utvikling. Politikarane har også nyleg vedteke ny næringsplan som framhevar kva vil bør gjere.  Det vil være underleg om vi trur at vi lettare skal få finansiert ulike tiltak og planer  i Bremanger ved ein reform som vil fjerne og sentralisere lokal demokratiet,  pengane våre og tenestetilbodet?

Flora kommune er full i gjeld, og har ei eldrebølge som vil eksplodere, og utløyse store investeringsbehov. I Bremanger er vi med ny sjukeheim i Svelgen ifølgje rådman i rute til å handtere den toppen som kjem. Når Terra gjelda om nokre år er vekk, så kan vi dermed omsider bruke pengane våre på  fornuftige vekst fremmande tiltak i eigen kommune, eller som Jacob Nødsest og enkelte kommunestyrerepresentantar i Bremanger ynsker, på eldreomsorg og stor drift i Florø og Måløy?

Når det gjeld samferdsle så blir det elles interessant å sjå kva trase for kystvegen Ålesund – Bergen statens vegvesen i tida framover vil gå for. Her hadde Elisabeth Hatlenes frå Høgre eit fornuftig syn, når ho seier at vegen bør gå i ei tydleg og bein linje rett nord og sørover med gode tilførsel vegar og ikkje som ei slalomløype innom alle tettstader på kysten. Mogleg er den beste regionale løysinga, også den beste og mest rettferdige lokale trase for Bremanger, som og harmonerer mest med visjonen om ein fungerande 45 minutt region? Med maktkåte erobrarar i Florø i horisonten, bør vi styre klar den dyre Tærøy-løysinga, som dermed blir eit nyt argument for kommunesamanslåing. Vegen må gå frå Svelgen til Grov, der vi kortar ned avstand likt både mot Flora og Førde, slik at vi også legger til rette for å behalde litt tenesteytane næring i Svelgen i framtida.

Det er flott at vi no kan legge heile kommunereform saka bak oss, slik  at politikarane og kommuneadministrasjon saman heller kan rette fult fokus på samfunns- og næringsutvikling.

For å feire at «krigen» er over bør vi alle heise flagget til topps, og rette ei stor takk til både Bremanger Arbeidarparti og Bremanger Senterparti og truleg også rådmannen i Bremanger.