Arnfinn Kolerud sin kommentar stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 23. juni.

Kulturelt smågodt

Alle matbutikkar har hyller med smågodt som vi kan plukke og mikse som vi vil. Mine favorittar er Salt Skalle og Hobby og Bringebærlakrisskalle. Festkaramell og Skumbanan går an, og av og til er det lurt å plukke noko rart, som Spragleknas og Putekrig, berre for å teste om det er godt.

Slik er det på kulturfestivalar òg. Ein kan plukke og mikse frå programmet som ein vil. Neste helg er det nynorske festspel. Maria Parr skal lese frå den nye boka si på biblioteket i Ørsta.

Ein forfattarar på ei scene er ikkje alltid god underhaldning. Mange av oss er keitete og har mest lyst heim, men Maria les like godt som ho skriv. Elles kjem Linda Eide med språkmoro til Aasentunet. Og Tom Roger Aadland. Han har omsett Bob Dylan-tekstar i mange år, og no har han tatt føre seg Blonde on Blonde-plata frå 1966. Det kan bli bra, sjølv om det er risikabelt å stille folk med rogalandsdialekt bort til ein mikrofon. Aadland remjar ikkje like heimlaust som Dylan, men det er noko ved han likevel.

Helga etter er det folkemusikk i Førde. Øvst på ønskelista mi står ein mann med trekkspel. Ikkje Bjarne Brøndbo i bar overkropp, men Gabriel Fliflet, ein fyr som kan spele alt muleg, rumenske brureslåttar og Gamle dampen og leikne og triste tonar frå Balkan og Shetland. Dei andre namna på plakaten er ukjente. Jigme Drukpa. Fargana Qasimova Ensemble. Mokoomba. Det siste skal visst bety «stor respekt for elva». Bak desse namna kan det skjule seg dei merkelegaste opplevingar. Det er eit sjansespel å vere på Førdefestivalen, det er som å fylle godteposen med ting ein aldri har smakt før.

Til hausten kjem forresten Fugletribunalet. Det er ikkje festival, det er teater. Romanen til Agnes Ravatn har fått fleire prisar, ligg i høge stablar på flyplassar i Storbritannia, filmversjonen er på veg og Sogn og Fjordane teater skal tråle fylket med eit stykke basert på boka. Stykket kjem hit til Måløy som skuleframsyning, men ikkje som open visning. Det er synd. Folk i Måløy går berre ut for å høyre musikk, og helst musikk som ein har høyrt mange gonger før. Berre festkaramell, takk! Posen full!

Bør vi ikkje greie å lokke SoFt oftare til Måløy, så vi slepp å reise til Eid og Sandane?