Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide frå partiet Raudt.

No må Måløy-folk vakne!

Lurer på om folk har skjønt at både skule og barnehage snart kan forsvinne frå Måløy? Slik partia og frontane står no i kommunestyret så er det ingen av dei tre alternativa som har fleirtal i utgangspunktet. Men derimot er det fleirtal for ein ny felles skule dersom alternativet med å behalde dagens 5 skular ikkje vinn fram. Kva betyr det?

Det betyr at alle skulane vi har i dag vert lagt ned. Den sannsynlege plasseringa av ein slik ny skule vil bli på fastlandet, les Tennebø. Det er berre der vi i overskodeleg framtid har tomteareal. Og det betyr mest truleg at også Skramsmarka barnehage vert lagt ned.

Tanken er nemleg at Holvik skule kan gjerast om til ein stor barnehage. Det seier seg sjølv at det vert meir lønsamt å ha ein stor barnehage i Holvik enn ein liten i Holvik og ein liten i Måløy når vi likevel kan ende opp med hus og areal nok til alt i Holvik. (Nei, eg har ikkje gløymt av vi også har Trollskogen barnehage i Måløy). Alle småbarnsforeldre skjønner kor vanskeleg dette vil bli når ein skal hente dei minste skulebarna på SFO på Tennebø og samstundes rekke å hente barn i barnehagen i Holvik.

Kan dette stoppast? Det kan stoppast, men det er berre ein måte å gjere det på. Det er Høgre som sit med løysinga/nøkkelen. Høgre kan gå saman med dei som framleis vil ha 5 skular og sette heile skulenedlegginga på vent i dei to åra vi har igjen fram til vi blir Kinn kommune. Då skal det uansett leggast nye kabalar og nye planar på alle sektorar og område. Det er mange som syns det er meiningslaust å setje i verk så store endringar og inngrep så kort tid før danninga av den nye storkommunen.

Ei slik utsetjingsavtale vil berge Skram skule. Men Skram skule treng også oppgradering. Det må vere klart for alle. Det kan ein få til gjennom ei slik avtale og bruke dei to åra ein framleis bestemmer i eige hus til å få utført. Men då må Måløyfolk vakne! Då må dei påverke Høgre (og for den saks skuld Venstre) til å stoppe før det er for seint. Det er ingen veg tilbake når vedtaket om ein ny skule er gjort i kommunestyret neste torsdag.

PS. Folk i Nord-Vågsøy bør også kviskre Edvard Iversen og andre politikarar eit ord i øyret når dei no gamblar med at Raudeberg skule kan bli nedlagt. Sjølv om Raudeberg i alle fall kan rekne med å få behalde barnehagen til forskjell frå Måløy.