Ane Barmen har skrive denne kommentaren, som stod på trykk i temabilaget Hus og heim, som kom ut fredag 28. april.

Oppvask og ekteskap

Vi har flytta. Frå vestkanten til austkanten i Oslo, frå haugammal sveitservilla til moderne blokkleilegheit. Eg gret mine modige tårar då vi vaska oss ut av den gamle, skakke leilegheita som vi elska, men tida var komen for å setje seg i botnlaus gjeld og kjøpe sin eigen heim.

Etter å ha levd nokså enkelt i sju år med lunka vatn i dusjen og matlaging i stearinlys vinterstid fordi sikringane gjekk dersom vi brukte meir enn to plater på komfyren samstundes, er det ei nærmast sjokkarta oppleving å plutseleg bu så moderne. Vi kan lage middag OG ha lys OG varme på samstundes! Eg kan skålde meg i dusjen og sjå ut som ein kokt hummar kvar einaste kveld! Og det mest fantastiske av alt: vi har endeleg, etter fjorten års sambuarskap, fått oss oppvaskmaskin.

Berre folk som har levd utan oppvaskmaskin like lenge kan forstå kva vi opplever akkurat no. Eg gret nesten av lukke fyrste gongen eg kunne kjøpe vasketablettar på butikken, stappe i maskina og setje henne på og berre nyte at ei maskin gjorde jobben for oss. Vi måtte filme og dele det på sosiale medium. Vi måtte skåle i raudvin for å feire. Eg måtte skrive ein tekst til lokalavisa om det. Så stort er dette faktisk.

Og den kvelden sat vi i sofaen og såg på TV medan vedundermaskina jobba på kjøkenet, og eg kunne tenke på normale ting, som Kjære folk, det blir kaldt til helga, eller Hm, eg må hugse å handle meir blått garn i morgon, i staden for mine vanlege, rasande tankar som KVIFOR GÅR HAN IKKJE OG TEK OPPVASKEN, FOR HELSIKE?! EG GIDD IKKJE Å TA DET, EG TOK DET I GÅR! DESSUTAN TØMTE EG SLUKEN I DUSJEN, NO ER DET HANS TUR Å GJERE NOKO!

Nei, no kunne eg berre sitje der som eit vanleg menneske. Eg kika til og med bort på han og tenkte Nåde meg, for ein pen mann eg er gift med. Alt takka vere den fantastiske oppfinninga som stod på kjøkenet og gjorde det verste husarbeidet eg veit om for oss.

Hadde eg vore samlivsterapeut og møtt folk som stod på randa av skilsmisse hadde mitt fyrste spørsmål til dei vore: Har de oppvaskmaskin? Hadde dei sagt nei, hadde eg smilt overberande og sagt: Sanneleg, eg seier dykk: gå og kjøp ei oppvaskmaskin, så skal de sjå at dette ordnar seg. Hadde dei sagt Ja, vi har oppvaskmaskin, hadde eg fått sjokk. For alvorleg talt, kva er det å krangle om når ein har oppvaskmaskin?

Ikkje veit vi. Det er kanskje ein liten sjanse for at vi får ein slag i trynet frå røyndommen om litt. Men enn så lenge lener eg meg godt tilbake og nyt brummelydane frå kjøkenet medan eg nippar til vinen og legg føtene i fanget til mannen min. De veit, han som er så pen.