Dette innlegget er skrevet av NHO-rådgjevar Marit Gjerstad og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 7. august.

Overskrifta er inspirert av årets sommarrevy i Florø, berre at vi har eit spørsmålsteikn bak. Årets Kommune-NM er publisert og NHO Sogn og Fjordane tar tempen på fylket. Er smått det beste? Den som les for sjå …

Framleis er topp 20-lista dominert av kystkommunar under årets Kommune- NM, men ingen av dei er i Sogn og Fjordane. Kommunane på topp er prega av høg Befolkningstettleik, dei er nær universitet og/eller dei er prega av næringsklyngjer innanfor petroleum og teknologi.

Andre som er i tet har ei god demografisk utvikling og sterk kommuneøkonomi. NHO sitt Kommune- NM 2015 tar for seg 5 ulike område som til saman består av 22 indikatorar. Generelt sett gjer kommunane i Sogn og Fjordane det heilt middels og lågare på skalaen.

Dei beste kommunane er Sogndal (22), Leikanger (26), Førde (34). Det varierer for dei enkelte indikatorane. På nettsida til NHO Sogn og Fjordane kan du lese ei meir omfattande analyse om resultatet for fylkets kommunar. For å drøfte tittelen på denne kronikken vil vi sjå nærmare på indikatoren Kommuneøkonomi. Denne indikatoren syner store skilnader i Kommune-Noreg. Særleg er det stor variasjon i kommunale administrasjonsutgifter per innbyggjar. Snittet i landet er på 3.600 kroner.

I Sogn og Fjordane er det Aurland som toppar lista med 13.158 i kommunale administrasjonsutgifter per innbyggjar, mens Sogndal er på andre sida med 2.911 kroner. Ser ein på alle analysane sidan 2009 har den største forskjellen mellom alle kommunane auka mest for indikatoren som omfattar kommuneøkonomi. Det er spesielt blitt høgare spreiing i kommunens betalingsevne målt i arbeidskapital i prosent av brutto driftsinntekter. Ein negativ arbeidskapital vil sei at kommunen ikkje har nok tilgjengelege midlar til å dekke løypande utgifter.

Frå 2009 til 2014 har talet av kommunar som har negativ arbeidskapital blitt meir enn dobla. I 2009 hadde Vik og Bremanger negativ arbeidskapital, i 2014 kan vi plusse på Selje, Vågsøy, Naustdal og Høyanger, i tillegg til Vik og Bremanger.Noko av forklaringa for Vik og Bremanger er nok Terra-saka, men vi kan ikkje tillate ei vidare utvikling der fleire kommunar hamnar i dette selskapet. Det er ikkje alltid slik at mindre kommunar rangerer lågare enn større kommunar. Mange små kommunar kjem langt høgare opp på lista enn kommunar som har høgare folketal. Kva er det som karakteriserer desse kommunane? Gjennomsnittskommunen i Noreg har i overkant av 12.000 innbyggarar.

Dei kommunane ein karakteriserer som små har færre enn 6.000 innbyggarar, store har fleire enn 15.000. Dei små kommunane som gjer det bra pregast av eit sterkt næringsliv knytt til naturressursar som offshore, fiskeri, skipsverft, reiseliv, vasskraftressursar eller ringverknadar av store offentlege enkeltverksemder (som Leikanger).

Dei små kommunane som gjer det bra har sterke arbeidsmarknadar med relativ høg del privat sysselsetting, låg arbeidsløyse, få uføre og lågt sjukefråvær. Den kommunale betalingsevna er god, men dei små kommunane trekkast ned i den samla rangeringa på grunn av høge kommunale administrasjonsutgifter og eigedomsskatt. Høge administrasjonsutgifter per innbyggjar er ein naturleg konsekvens av låg befolkning i desse små kommunane. Vi vil difor påstå at smått er ikkje godt.

Mykje har skjedd i utviklinga kring infrastruktur og teknologi, mykje kan effektiviserast og profesjonaliserast i Kommune-Noreg, og vi er overtydd om at tenestene til innbyggjarane vil bli betre. Tida er overmoden for ein ny kommunereform.