Idar Flo frå Volda har skrive dette lesarinnlegget:

Framtida til Bryggja skule

Bryggja skal i 2020 skilje lag med resten av Vågsøy for å gå inn i nye Stad kommune. Ved slike høve er det viktig å gjere opp buet på ein god måte, slik at ein ha eit godt forhold til kvarandre etter ein slik skilsmisse.

Dessverre er rådmannen i Vågsøy si «skilsmissegåve» til Bryggja noko som kan forsure dette forholdet: Fire millionar i året krev han for at Vågsøy skal halde oppe skulen fram til bryggjaværingane flyttar over til Stad kommune. Korleis rådmannen har kome fram til denne prisen kunne vere interessant å sjå, ettersom dette beløpet er langt større enn det Vågsøy «sparar» på å legge ned skulen.

Eg vil ikkje spekulere i rådmannen sine motiv for denne kreative utrekninga, det er uansett ikkje interessant. Det som er viktigare no, er å finne ei løysing som gjer at Bryggja kan få behalde skulen sin i denne overgangsperioden. Eg kan som tidlegare elev ved Bryggja skule forstå verdien av at bygda får ha sin eigen skule.

Eg vil oppmode bryggjaværingane til å starte arbeidet med å skipe ein friskule, til dømes etter mønster av Montessori-skulen i Kjølsdalen. Det finst også andre alternativ. Poenget er at Vågsøy kommune i såfall vil miste statsstøtte slik at ein sparer minimalt på å legge ned Bryggja skule – og at friskulen på den andre sida vil motta statsstøtte for å drifte skulen.

Tida er knapp (fristen for godkjenning er 1. februar!), men vil mine gamle sambygdingar behalde skulen, så må jobben gjerast!