Arnfinn Kolerud er forfattar. Han bur på Flatraket, men er frå Isfjorden i Romsdalen. Denne kommentaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 3. juni:

Det bør vere i Europa. Det bør vere varmt. Det bør gå an å duve opp og ned på ein luftmadrass. Det kan vere ein park der, med gamle menn som vil spele sjakk. Det kan godt vere eit lite språkkurs der.

For mange år sidan var eg på sommarskule sør i Frankrike. I klasserommet sat eg mellom ei langbeint dame frå Colombia og ein kortbeint fyr frå India. Vi sa «oui» og «sjø sui» og «il plø». Det siste var løgn. Det regna aldri. Dei varme fortaua var krydra med hundebæsj, for dei franske damene hadde funne ut at hundar er meir trufaste enn menn.

Læraren vår snakka berre fransk, og det hugsar eg lite av. Men midt i ein time, heilt ut av det blå, la dama frå Colombia handa si på underarmen min. Ho let handa ligge der eit sekund, utan å seie noko. Naglane var lange og kvite. Jaså, tenkte eg, litt av eit språkkurs! Om eg hadde draget på sør-amerikanske damer var det jo håp, for dei fanst det mange millionar av.

Framtida såg lys ut. Læraren sa «sjø tem» og vi gjentok. Men så, berre nokre dagar etterpå, gjorde mannen frå India det same. Han la handa si på den andre armen min eit sekund, utan å seie noko. Jaså, tenkte eg, litt av eit språkkurs! Om eg hadde draget på menn frå India var alt håp ute, for dei fanst det jo mange hundre millionar av. Det skulle godt gjerast å snike seg unna alle.

Eg studerte underarmane mine. Dei såg ikkje så verst ut. Ganske korte, men dei var verken bleike, knoklete eller hårete. Eg sto ved eit vegskille. Desse underarmane kunne snart strekke seg etter appelsinar i Sør-Amerika eller styre ei sykkeldrosje i ei travel gate i Calcutta.

Dei neste dagane vart det mykje skulk, og is, og bading, og store åkrar med solsikker. Frå avslutninga hugsar eg berre ein amerikanar med illeluktande skjorte som gjekk rundt til alle og sa unnskyld for at skjorta hans lukta så vondt. Seinare har eg tenkt at denne handspålegginga kunne ha sine naturlege grunnar.

Kanskje dei berre ville seie «Du har soleksem!» eller «Ikkje rist sånn på foten!» eller «Det er din tur å lese, småen!».

Det får eg aldri vite. Men det var ein fin ferie. Det treng ikkje skje så mykje. Men det bør gå an å kjøpe ei lokal avis, der eg kan prøve å forstå overskriftene. Om det er firfisler å sjå på, kan eg lure på om dei er redde eller berre ivrige. Og tomatane bør vere raude inni.

God ferie!