Dette innlegget er skreve av Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Kjære Ervikarar

I avisa på tysdag var det eit flott intervju med Camilla og Lars Monsen som gjerne vil finne seg ein plass å bu på Stad. Staden som er midt i smørauge for dei.

I den artikkelen kom eg med ei famøs uttale som eg vil beklage:

"Ervik var preget av forgubbing (i hermeteikn) ....

Eg ynskjer å be om orsaking for denne uttalen. Eg er og var klar over at i Ervika har det heile tida vert småbornsfamilie, kreative vaksne og gode eldre. Uttalen min kom då heilt feil ut og det skulle eg ikkje sagt.

Ervik, Honningsvåg, Årvik, Drage, Fure, Stadlandet og resten av kommunen består av mange gode kreative personar som kvar for seg utgjer ein forskjell for område og for kommunen.  Dette ønsker eg å formidle og det klarte eg ikkje i denne artikkelen.

Takk for påminninga på facebook og igjen: Beklager