Innlegget er ein kommentar til ordførar i Selje Ottar Nygård sitt innlegg fredag 11. september om Nordfjord sjukehus si framtid. Det er skrevet av Gunnvor A. Sunde i Samfunnsdemokratene, samt vara til styret for Sjukehusaksjonen i Nordfjord.

Eit apropos til Ottar Nygård sitt angrep på leiaren for sjukehusaksjonen i Nordfjord.

I fleire tiår har Norge bygd opp ein tenleg sjukehusstruktur som no blir nedbygd. Etter modell frå Nordfjord sjukehus skal cirka 50 sjukehus bli vekke, eller omgjorde til medisinske senter, noko som vil seie at svært mange sjukehussenger blir nedlagde.

Skal vi ha ein kvalitet i sjukehusa som legeforeninga sitt vedtak på landsmøtet går imot?

Det er forståeleg KUN ut ifrå ein grunn: sentraliseringstankegangen, der alt som er stort er flott!Lokalsjukehus med akuttfunksjon innan kirurgi og medisin er effektivt, lønsamt og viktigast av alt: LIVREDDANDE! Og lokalsjukehusa har vist at dei kan ferdigbehandle opptil 70–80 prosent av dei akutt innlagde.

Likevel har vi i Nordfjord fått framtidas lokalsjukehus som i realiteten er ei snikinnføring av medisinske senter, og ei svært alvorleg nedbygging av viktige akuttfunksjonar i både by og distrikt. Sentraliseringstilhengarane legg vekt på alt det nye ein skal få i staden, ofte kalla lokalbaserte spesialisthelsetenester eller nærsjukehus.

Høyrest fint og flott ut, la oss så sjå på kva vi har fått:

Poliklinikk: Ortopedisk og kirurgisk poliklinikk er framleis fråverande, slik eg forstår det.

Gynekologisk poliklinikk er open sju dagar per MÅNAD mot før kvar vekedag heile året med fast operasjonsdag kvar torsdag.Og det som er gjennomgåande er dyre vikarordningar eller legar frå andre sjukehus. Og for pasientane er det ofte kun første konsultasjon dei får lokalt. Seinare oppfølging er sentralisert med auka transportutgifter og belastning for pasienten med bruk av ein heil arbeidsdag for eit oppfølgingsbesøk.

Ingen god samfunnsøkonomi, men ei dyr og uheldig utvikling.

Det vi treng for å sleppe å ta ned sjukehusskiltet er:

  • Styrking av intensivavdelinga som eigen post.

  • Utvida opningstider ved poliklinikkane slik at dei som treng det får behandling lokalt.

  • Dagkirurgi er avgrensa til 60 dagar i året, og treng utviding til alle kvardagar.

  • Rett kompetanse til dei ulike pasientgruppene der spesialpersonalet får lov å bruke kompetansen sin der den trengst.

  • Pasientbehovet må vere styrande for strukturen, (no er det styringsmodell og sentraliseringsiveren som legg føringane for kva tilbod pasientane får). Pasientsikkerheita må i større grad bli førande for korleis vi innrettar sjukehusa våre.

I Europa er det Norge som har lengst ventetid og kortast liggetid, ofte med fare for re-innlegging, og sengetalet er halvert.Når vi veit at velfungerande lokalsjukehus er livreddande, kvifor får det så lite merksemd i helsedebatten og valkampen?

Nordfjord sjukehus vart gjeve som gåve til folket, etter at Singer i Olden, ein privatperson, hadde bygd det opp fordi han såg det som heilt uhaldbart at ein heil region var utan sjukehus.

Og no skal liksom ikkje Norge klare å drifte det, heilt utruleg! Sjukehuskampen fortset!Då er det rart som nordfjording, og fylkeskommunal utvald leiar av Stiftinga Singerheimen, å sjå at ordførarane i Nordfjord overser farane med nedbygginga, når heile landet elles har forstått kva som held på å skje.»