Denne leiaren er skriven av redaktør Erling Wåge, og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 12. august:

Fem år etter at Norge vart utsett for den verste terroren etter krigen, angrepa på Utøya og Regjeringskvartalet, så er politiet sin beredskap framleis varmt tema. Kor lenge skal vi vente på politiet når det skjer ein ukontrollert situasjon? Kven skal ta ansvar og ordne ut medan ein ventar på at politiet?

I eit fylke som vårt der folk bur spreidd. Her er det utfordringar med store avstandar, fjordar, fjell, ferjer, tunnelar eller kva det måtte vere. Nærmaste politi kan gjerne vere meir enn ein time unna dersom det skjer noko på kveld, natt eller i helgar.

Sist veke skjedde det ein alvorleg episode i Høyanger. Då politiet fekk melding om at det hadde vore knivstikking så var vakthavande patrulje ein time unna. Då måtte frivillige i brannvesenet ordne ut i ein svært alvorleg situasjon.Dette er sjølvsagt ikkje bra.

Frivillige i brannvesenet er ikkje trena til å takle enkelte situasjonar. Vi høyrer stadig at politiet har fått meir pengar og meir ressursar, og at dei skal bli meir synlege. Dette ligg vel som eit mål i politireforma også. Likevel så må ein oppleve slike situasjonar som i Høyanger. Politiet har lova ei utrykkingstid utanfor tettstadar på mellom 22 til 45 minuttar. Dette kan bli lange minuttar for mange.

Og når vi stadig opplever at politiet ikkje klarer å oppfylle denne utrykkingstida, så blir minutta endå lengre:

Det blir andre som må ordne ut og tilfeldigheiter som avgjer utfallet.Det er viktig at episodar som i Høyanger måndag kveld blir sett fokus på. Det er ei stor utfordring for politiet å ha nok ressursar og organisere seg slik at alle kan kjenne seg trygge.