Denne leiaren, som er skriven av redaktør Erling Wåge, stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 17. mars:

– Kystvegen bør vere meir enn ein kommuneveg mellom to-tre rådhus

Politikarane har ei stor politisk nøtt som må løysast. Kommunestyra i regionen skal gjere eit av sine viktigaste vegval. Dei skal uttale seg om kvar den framtidige Kystvegen skal gå. Det er på ingen måte sikkert at det blir ei samla røyst om eitt alternativ frå Vågsøy og Flora, slik dei to engasjerte Ap-ordførarane som vil slå seg saman ønskjer. Til det er meiningane for delte.

Det er fleirtal i Vågsøy for at det skal bli kryssing av Nordfjorden med bru frå Bikjelneset i Vågsøy til Tongane i Bremanger, den traséen som Statens vegvesenet går inn for. Det store stridstema er kvar kystvegen skal gå sør for Svelgen, gjennom Bremanger og Flora, om den nye kommunen skal støtte ein kystvegtrase over Terøya i ytre Flora eller over Grov i indre Flora.

I Flora er det stort fleirtal for det ytre og dyraste alternativet som sikrar ein kortare reiseveg mellom Flora og Måløy. I Bremanger er det eit stort fleirtal for forslaget frå Statens vegvesen om indre alternativ. I Vågsøy er det mange som også vil at vegen skal gå her. Mange av dei som går for indre alternativet trur at det vil auke sjansane for at Kystvegen blir realisert.

Dersom Kystvegen skal vere eit kortare alternativ for mange mellom Nordfjord og Bergen, og ikkje minst til Førde der det mektige sentralsjukehuset med sine mange helsetilbod ligg, så vil flest ha størst effekt og få kortare veg ved eit indre alternativ. Mange i Selje, Vågsøy og Bremanger vil ha meir bruk for helsetenestene i Førde enn eit rådhus i Flora. Kystvegen bør bli meir enn ein veg mellom to-tre rådhus.

Dette er eit viktig vegval. Dette kan bli ein viktig prøvestein for det nye prosjekt Kinn. Det kan også vere lurt å lytte til Bremanger dersom Flora og Vågsøy vil lokke dei inn i ein eventuell ny kystkommune om det blir noko av.