Innlegget er skrive av Leif Magne Gil (Ap), Betty Hessevik (Sp), Hogne Bleie (Frp), Einar O. Midtbø (TVL), Geir Oldeide (Rødt) og Nils Myklebust (Sp) og stod på trykk i Fjordenes Tidende 6. desember.

Eit ansvarleg budsjett i balanse

Kvar haust vert det i kommuneadministrasjonen og blant lokalpolitikarane arbeidd med eit kommunebudsjett for det komande året, samt ein økonomiplan for dei påfølgjande åra. Ein veit sjølvsagt aldri eksakt kva inntekter ein får fram i tid, heller ikkje nøyaktig kva utgifter og behov for kommunale tenester som kjem til. Prognoser og erfaringstal ligg til grunn for budsjettarbeidet saman med føringar kommunestyret sjølv har lagt i tidlegare vedtak . Eksempel på slike føringar er den kommunale skulebruksplanen, investeringsplanar og langsiktig lånegjeld.

Rådmannen skal kome med eit budsjettframlegg til formannskapet, som så skal innstille på eit kommunebudsjett til kommunestyret. Mellom handsaminga i formannskapet og i kommunestyret skal innstillinga verte lagt ut på høyring. Budsjettet vert så endeleg handsama og vedteke i kommunestyret i desember.

Meininga med høyringa er at innbyggarane skal kunne få innsikt i kva budsjettframlegget inneber og kunne kome med innspel. Dette føreset etter vår meining at innstillinga frå formannskapet inneheld dei overordna måla og linjene som ein ventar at fleirtalet i kommunestyret vil halde seg til.

Det har dessverre vorte ein uheldig «tradisjon» at fleire partigrupper ikkje evnar å kome med eigne budsjettframlegg før i sjølve budsjettdebatten i kommunestyremøtet som skal vedta budsjettet. Dette gjer det umogeleg for innbyggjarane å vite noko om kva dei ulike partigruppene eigentleg meiner. Det vert også vanskeleg for veljarane å kome med gode innspel til kommunen. Det gjer det også svært krevjande for kommunestyrerepresentantane å på kort tid setje seg inn i kva slike benkeframlegg inneber. I formannskapet sist onsdag var det i «god tradisjon» berre samarbeidspartia (Ap, Sp, FrP, TVL og Rødt) som hadde utarbeida eit alternativ til rådmannen sitt budsjettframlegg.

Høgre og Venstre, samt dei to formannskapsmedlemmane til Arbeiderpartiet, røysta etter ein kort debatt for rådmannen sitt budsjettframlegg. Rådmannen sitt budsjettframlegg, som dermed fekk fleirtal bak seg i formannskapet, inneheld ei auke til maksimal eigedomskatt i økonomiplanperioden (som er mot Høgre sitt partiprogram!), samt nedlegging av to barneskular. Argumenta for at fleirtalet støtta rådmannen sitt budsjettframlegg i formannskapet var mellom anna å være «økonomisk ansvarlege» og ikkje budsjettere for optimistisk med tanke på inntekter. Dette argumentet har rådmannen og fleire «opposisjonspolitikarar» argumentert med i årevis, deriblant sist desember då ein handsama budsjettet for 2016. Inntektene til kommunen ligg no an til å bli nær fire millionar kroner meir en i rådmannen sitt budsjettframlegg for 2016.

Eit ansvarleg budsjettframlegg også i år: Samarbeidspartia sitt budsjettframlegg og økonomiplan for dei komande åra, som vart mindretalsinnstillinga i formannskapet sist onsdag, bygger på ein føresetnad om at ein ikkje skal auke eigedomsskatten, samt halde på gjeldande skulebruksplan. Ein føreset vidare at inntektene til kommunen (rammetilskott og skattar) i 2017 berre aukar med 1,2% frå 2016 før justering for prisstigning.

Alle dei store sektorane får med vårt budsjett ei auka ramme samanlikna med inneverande år. Eksempelvis får skulesektoren ein auke på 3,3 millionar frå 2016 til 2017, då vi føreslær ei ramme på 80,0 millionar. Dette er ein halv million (0,6%) mindre en rådmannen sitt framlegg for komande år. Pleie, rehabilitering og omsorg (PRO) får i vårt framlegg ei auke frå 106 millionar i kroner i 2016 til 110 millionar i 2017, som er ein million mindre en rådmannen sitt framlegg. Samarbeidspartia har i økonomiplanen framskunda full bemanning på Skaretun i høve rådmanen sitt framlegg. Vi ønskjer også raskt å få ein eksternt utarbeida plan for korleis ein rehabilitere Skram skole utan at ein alt no legg opp til fleire titals millionar i investeringar på denne skulen før ein veit kva kostnadar ein ser føre seg. Har rådmannen alltid rett? Samarbeidspartia stiller seg tvilande til at innsparingspotensialet på å legge ned to skular er på heile sju millionar kroner, då dette føreset at ein mest alt personell på desse skulane vert borte frå lønningslistene og at mottaksskulane der elevane vert flytta til ikkje treng meir personell. I tillegg utløysernedlegging store behov for ekstra investering på mottaksskulane.

Det vert stadig argumentert med at dei politikarane som ikkje godtek administrasjonen sine framlegg til drift og behov for midlar ikkje «stolar på fagfolk». Vårt svar til det er at om politikarane ikkje har evne til å vere kritiske og har vilje til å kome med alternative løysingar, hadde kommunen eksempelvis hatt maksimal eigedomsskatt for lenge sidan. Ein hadde vel heller strengt tatt ikkje hatt brukt for folkevalde kommunepolitikarar.