Innlegget er skrive av Nils Myklebust, Vågsøy Senterparti.

Kvifor Vågsøy Senterparti er skeptiske til Kinn kommune

Senterpartiet vil gjere det klinkande klart at vi har ikkje noko imot folket i Flora kommune, tvert imot. Det vi er motstandarar av er Kinn kommune, då vi saman med både Fylkesmannen og Erna Solberg ser at dette vert ein svært vanskeleg kommune å drifte på grunn av avstandane.

Senterpartiet har gjentekne gonger i kommunestyret etterlyst framleggingar av konsekvensar av Kinn kommune for det geografiske Vågsøy. Det har vi ikkje fått.

Derfor har vi søkt å fram skaffe tal på vesentlege ting som arbeidsgjevaravgift og eigedomskatt.  Dette er noko som burde vore utgreiidd og opplyst om før vedtaket om Kinn vart gjort i Vågsøy kommunestyre.

For sjølve Vågsøy kommune si drift, var det for 2016 innbetalt 29,950 mill. kr med sats 10,6 prosent i arbeidsgjevaravgift.

Flora kommune har 14,1prosent arbeidsgjevaravgift, dette vil då utgjere for område Vågsøy med 39,84 mill. kr altså ein differanse på heile 9,9 mill kr. Dette har no Telemarksforskning stadfesta.

Randi Humborstad i Nordfjord Vekst fortalte at 75 prosent av sysselsettinga i Vågsøy var i private bedrifter. For disse så er der eit bortfrådrag før den høge satsen på 14,1prosent slår inn. Dette tilsvara ca. 20 årsverk, men kan variere noko alt etter kva lønsnivå bedriftene har, men det er ingen grunn til å tru at ikkje dette dreier seg om eit liknande beløp.

Dette er dramatisk for både bedriftene og arbeidsplassane i Vågsøy.

Så har vi eigedomskatten, her er det også store skilnader, men i motsetning til arbeidsgjevaravgifta som er statleg og kommunane har ikkje innverknad på den, så har kommunane større handlingsrom med eigedomskatten, næring-bustad og botnfrådrag.

For å gjere dette litt enkelt. Flora inkasserer i dag 43 millionar kroner med 12.000 innbyggjarar og bedrifter i eigedomskatt, dei hadde 7promille, men etter ny taksering så vart det 3 promille med same beløp.

Vågsøy har langt llågare, dei inkasserer 13 mill. kr på 6.000 innbyggjarar og bedrifter, Skal Vågsøy opp på same nivå som Florø så må dette aukast med 8 mill. kr til 21 mill. kr. Dette er ei formidabel auke.

Der er ikkje anledning til å differensiere med geografi og dette skal samordnast.

Dette vil innbyggjarane og bedriftene  i Vågsøy merke betydeleg.

Vi ser av langtidsbudsjettet til Flora, så vil dei ha ei stor auke frå dagens nivå under 1,5 milliardar til ca 2 milliardar på samanslåingstidspunktet.

Kva handlingsrom vil det nye kommunestyret i Kinn ha med ei så høg lånegjeld? Stig renta, så stig Eegedomskatten. Dersom nokon hevdar at der ikkje er stor samanheng mellom høg lånegjeld og eigedomskatten sitt nivå, dei trur på julenissen x 2 i februar.

Dette er nokre av grunnane til at Senterpartiet er så imot Kinn kommune.

Dersom innbyggarane i Vågsøy ynskjer noko anna en Kinn, så må dei tenkje på å stemme Senterpartiet.

Både Leiar Trygve, nestleiar Anne Beate, Liv Signe, Steinar Ness og Sigurd Reksnes har uttala at om Sp kjem i eegjering så skal Kinn opp til ny vurdering.