Vi har kåra vinnarane! Jonny Svoren, Therese Hopland og Bente Eide er dei tre vinnarane av vårkonkurransen.

Vinnarane får kvar sitt Fjordenes Tidende-krus. Følg med for fleire konkurransar i framtida.

Vis fram dine beste motiv! No kan du enkelt dele blinkskota dine med Fjordenes Tidende sine lesarar. Om du har Instagram-bilde, kan du bruke emneknaggen #fjtno. Då blir bildet vist på fjt.no, og i tillegg får du kanskje bildet på trykk i papiravisa.

Dei som ikkje har Instagram kan også dele ved å sende bildet til fjt@fjt.no.