Dette innlegget er skrive av Jostein Eimhjellen frå Svelgen.

Kvifor lyttar du ikkje til ditt eige folk, Maurstad?

Vedtaket om Kinn Kommune er for det store fleirtalet i Bremanger og Vågsøy for gale til å vere sant.

Vi snakker her om ein kommunekonstruksjon som er fullstendig imot alle intensjonar og mål med kommunereforma.

Ein kommune som Geir Vinsand frå Respons Analyse, som er ein av Sanner sine mest trufaste kommunesamanslåingsekspertar, framheva den som den mest ekstreme kommunesamanslåinga etter krigen.

Ein kommune som Jørgen Amdam som er professor i samfunnsplanlegging hevda ville bli kostbar å drifte, og som sjølv Sanner, som måler eigen suksess i kor mange kommunar han får slege samen, ikkje ville godkjenne.

Ein kommune der fylkesmannen skriv at arbeidsmarknadane er svakt integrert og at vegar og bruer er ein føresetnad for at dette skal fungere. Vegar og bruer som vi truleg ikkje får på plass før om 20-30 år.

Ein kommune som fylkesmannen ikkje ville godkjenne utan at Bremanger var tvungen med. Kinn kommune var heller ikkje fylkesmannen si faglege tilråding, men eit ekstra bestillingsverk på grunnlag av dei grenselause lokale vedtaka mellom Vågsøy og Flora .

Korleis er det mogleg at fleirtalet i Vågsøy kommunestyre kunne gjere eit slikt ufornuftig vedtak? Gjekk prosessen for raskt? Kom åtvaringane frå ekspertane for seint? Om ein ser på måten ein her har behandla Bremanger på, så bryter ein òg alle former for normal oppførsel ein må kunne forvente frå vaksne menneske.

Her seier Bremanger etter ein lang og grundig prosess nei til samanslåing, men Ja til eit kystsamarbeid. Kommunestyra møtest i arbeidssamlingar for dette , og når rådmannen i Bremanger er i ferd med å starte på prosjektplan for samarbeidet, så ser han i media at Vågsøy og Flora i staden vil slå seg saman over oss, og der kystsamarbeidet blir brukt som eit argument for å få dette til.  Er det med ein slik framgangsmåte vi skal bygge samarbeid på kysten,  Maurstad?

Ser elles i media at Kristin Maurstad refser varaordførar Nils Myklebust (Sp) og hevder han viser mistillit til politikere i andre kommunar fordi han sakleg stiller kritiske relevante spørsmål om Vågsøy si rolle i Kinn.  Det er tydeleg at Maurstad er oppslukt av den store kommunekjærleiken bak fjella i sør, men det er oppsiktsvekkande at ho kritiserer andre i kommunestyret som gjer jobben sin, og tenker på Vågsøy kommune og innbyggjarane sine interesser.

Maurstad bruker behov for pengar til eldreomsorg som eit argument for samanslåing med Flora.  Men Flora har stor lånegjeld som i seg sjølv legg grunnlaget for ein dårleg kommunefusjon og tøffe økonomiske prioriteringar. Vi ser også i PwC-rapporten som er utarbeidd, at det er i Kinn sit hovudsete ein får dei største ekstra kostnadane i høve eldreomsorg fram til 2030 (totale ekstra demografikostnader: Flora 80,4 mill, Bremanger 17,4 mill Vågsøy 24 mill) At eldrebølga er på veg i sør vart nyleg stadfesta i Firdaposten av pleie- og omsorgssjefen som òg kunne vise til  ein budsjettsprekk på 5 milionar kroner i år.

Er ikkje økonomiske føresetnader eit vesentleg poeng om ordføraren er oppteken av tilboda i Vågsøy?

Kvifor har ikkje Vågsøy kommunestyre  gått grundig gjennom alt utarbeidd tallmateriell, slik som kommunestyret i Bremanger har gjort når ein her har sagt nei til dette?

Når målet med kommunereforma er meir effektive kommunar der ein gjennom stordriftsfordear kan drive velferdstenester på ein rimelegare måte , så startar heller ikkje innsparinga særleg bra når ein her treng ei ekstra kommuneskute for å knytte Kinn saman. Det er vanskeleg å sjå korleis dette skal vurderast som ei forbetring i høve kommunestruktur?  Får moglegvis innbyggjarane i Kinn ei ekstra kommunal båtruteavgift å betale på, i tillegg til dei andre avgiftene som vil gå opp?

Når vi ser kvar makta i Kinn vil vere i framtida , så er det det forståeleg at Maurstad er oppteken av tillit og venskap. I Bremanger hadde vi kommunereform på 1960-talet der kommunesenteret vart flytta frå Kalvåg til Svelgen, og Davik vart nedlagd som eigen kommune. I Bremanger har vi god erfaring med utfordringar i høve lange interne distanser i eigen kommune, og vi ser alle behovet for politisk maktbalanse.

Sjølv om kommunereforma frå 1960 i Bremanger no begynner å gå seg til, så ser vi at bygdepolitikken slår inn for fullt i enkelte saker. Slik fungerer demokratiet av den enkle grunn at fleirtalet av oss menneske ser størst på dei problem og utfordringar som er nærmast oss sjølve. Skulle Kinn bli ein realitet,  så trur eg at Maurstad vil få oppleve at fleirtalet av Flora-politikarane er som andre normale menneske dei også. Ein vil her få store politiske kampar mellom nord og sør, der ein i nord ikkje vil ha politisk fleirtal og må leve på «tru, håp og tillit» Moglegheit for ei framtidig skilsmisse er nærmast umogleg å få til i denne typen ekteskap.

For dei fleste samanslåingar i landet har ein halde folkeavstemmingar, fordi dei folkevalde veit at valet ein tek vil få enorme framtidige og varige konsekvensar for alle innbyggjarane. I dette tilfellet snakkar vi om ein ekstrem samanslåing der alle ekspertar har vore skeptiske, og som media omtaler som Norge sin raraste kommune. Når ein så spør sitt eige folk om dei vil vere med på eit slikt eksperiment,  og svaret er eit klart NEI, så er det umogleg å forstå at ein ikkje vil respektere sitt eige folk. Kva er drivkrafta til dei folkevalde som kan utføre eit slikt overgrep?  Er ikkje vårt land tufta på demokratiske prinsipp?

Korleis kunne innbyggjarane i Vågsøy ved førre kommuneval drøyme om at lokalpolitikarane kunne finne på noko så livsfjernt for sin eigen heimstad?  Kven er i grunn ansvarleg for innbyggjarane sin rettstryggleik når kommunen innbyggjarane bur i no kan bli  øydelagt og lokaldemokratiet i stor grad vil forsvinne?

Når kommunalministeren for ei tid sidan sa nei og ville vente til etter valet, og samtidig har bede fylkesmannen om ei grundigare utgreiing der ein skulle sjå på behovet for grensejustering av Bryggja og vurdere nærmare Bremanger si rolle, så burde dette være eit signal om å bremse litt opp. I staden reiser Kristin og Ola til hovudstaden og kjempar i eige parti, og får til slutt vedtak for Kinn i Stortinget som einaste kommune i landet imot fylkesmannen si tilråding.

Vi klarte det til slutt triumferte Maurstad til Teigen på Facebook. Eg synest dette er lite å vere stolt over.

Blir vedtaket om Kinn ståande så snakkar vi truleg om det største lokalpolitiske overgrepet mot eigne innbyggarar  i norsk kommunehistorie.