Dette innlegget er skrevet av Eid-ordførar Alfred Bjørlo og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 9. oktober.

«Nordfjord United - er det mulig?» spør banksjef Arvid Andenæs i eit innlegg i Nordfjord-avisene - og utfordrar ordførarane i Nordfjord til å svare.

Eg meiner svaret er ja. Tida kan no vere inne for å snakke om ein ny vår for Nordfjord - heilt uavhengig av kommunereforma. Timinga er i alle fall betre enn nokonsinne. Dei store stridane i Nordfjord om sjukehus, veg og vidaregåande skule ligg bak oss, med utfall som er til å leve med og gir utviklingsmulegheiter. Og eit Noreg på rask veg over frå oljeøkonomi til ei fornybar framtid, passar Nordfjord som hand i hanske.

Dei fire åra som no kjem, kan syne seg å vere Nordfjord sin store mulegheit. Arvid Andenæs si utfordring er på sin plass og kjem til rett tid.

Sist veke vedtok ei samla reiselivsnæring frå Selje til Stryn å samle seg om Nordfjord som felles merkevare. Avgjerda kjem etter ein lang prosess der alternativa er vurdert - og konsekvensane av å gå saman om Nordfjord som merkevare er analysert og forstått av dei tunge aktørane i næringa. Som hotelldirektør Richard Grov seier det: Om ein ikkje meiner alvor med å gjere det og er villige til å setje tid og kapital bak, er ikkje ei slik avgjerd verdt fem flate øre.

Ein merkevare-strategi er sterkare dess fleire som stiller seg bak han. Det fyrste kommunane i Nordfjord burde gjere no, er å setje oss ned saman og sjå korleis vi kan nytte høvet til å bygge Nordfjord langt sterkare som merkevare også for rekruttering, utdanning, tilflytting og næringsetablering.

Å byggje Nordfjord som felles merkevare også for rekruttering og tilflytting er fullt mulig uansett framtidig kommunestruktur.

Det er ingen grunn til å bruke kommunereform-prosessen som orsaking for å vente.

Temaet Nordfjord som merkevare for rekruttering og tilflytting er sjølvsagt ikkje nytt. Visse grep er alt gjort, men aldri heilhjarta. Førebels har vi berre pirka i overflata - samtidig som ingen tettstad eller kommune i Nordfjord i seg sjølv er sterk nok til å stå på eigne bein for å skape vekst og utvikling over tid.

Ingen har næringsliv nok, kompetansearbeidsplassar nok, kultur- og fritidstilbod nok - aleine.

Utviklinga syner dette tydeleg. Folketalet i Nordfjord har lenge stått på staden kvil på cirka 30.000. Vekst i einskildkommunar er svak, ustabil og blir eten opp av folketalsnedgang i nabokommunar. Sjølv i Stryn, som har hatt den beste folketalsutviklinga etter år 2000, ser veksten no ut til å stoppe opp, og kjønns-ubalansen gir grunn til uro.

Samtidig trur eg knapt det finst nokon stad der gapet mellom kva utviklingstrend som er mulig og kva utvikling vi faktisk ser, er større enn i Nordfjord. Folketalet i Nordfjord er cirka på line med regionane rundt oss: Sogn, Sunnfjord, Søre Sunnmøre.

Samtidig er avstandane i Nordfjord mindre, geografien enklare, og kommunikasjons-årane i regionen betre utbygde. Endå betre blir dei frå 2018, med 20-minuttsavgangar på E39 Anda-Lote som bind Gloppen og Sandane Lufthamn betre saman med Nordfjord elles.

Og vi kan samarbeide når vi vil. Sjukehus-saka er eit godt døme på kva som er mulig. Takka vere godt samarbeid og beinhardt politisk handverk på tvers av parti og kommunar, har vi sikra framtida for Nordfjord Sjukehus - med eit omfang av aktivitetar og arbeidsplassar som er like stort som før omstillingane starta. Nye tenester som viser veg nasjonalt kjem på plass - eldremedisin, rus, psykiatri og telemedisin. Nordfjord-kommunane samhandlar no sterkare på helse-området med kvarandre og med helseføretaket enn nokon annan stad i landet.

Næringslivet i Nordfjord er sterkt og komplementært. I tillegg til dei frå før sterke industri-miljøa i Måløy og Stryn, veks det no fram stadig tyngre næringslivsmiljø også i Eid og Gloppen - innanfor elektro og automasjon, grøn energi, bygg og medisin/IKT. Med Lefdal Mine Datacenter får Nordfjord ein vekstmotor inn i den nye grøne økonomien som heile regionen vil ha glede av - og ei nasjonal og internasjonal merksemd på næringslivs-sida vi enno ikkje fullt ut forstår rekkevidda av.

Bremsen i oljenæringa som no råkar store deler av landet elles, råkar i liten grad Nordfjord. Ja, faktisk syner ferske analysar frå Telemarksforsking utført at bremsen i oljenæringa paradoksalt nok gjer det lettare å skape folketalsvekst i Nordfjord - fordi det blir lettare for bedriftene våre å rekruttere den kompetansen oljemiljøa i Stavanger, Bergen og Oslo til no har sugd til seg.

Sist veke gjorde fylkespolitikarane eit anna viktig vedtak for framtida i Nordfjord: Dei vedtok å legge skulestruktur-striden i Sogn og Fjordane død for dei neste fire åra. Dermed ligg alt til rette for at ein også for vidaregåande skule i Nordfjord no kan senke guarden, og heller setje seg ned saman og sjå på utvikling av eit sterkast mogleg samla utdanningstilbod i regionen. Samarbeidet som Eid og Stryn vgs. no startar opp innanfor velferdsteknologi, er eit godt døme på kva vi treng meir av i åra framover.

Ideen om å samle alle skulane under ein felles paraply slik Arvid Andenæs foreslår er etter mitt syn god - så lenge ein kan stå saman om at skulestadane består som vekstmotorar i dei fire store tettstadene i Nordfjord. Det burde også vere fullt mulig å arbeide mykje sterkare saman om å få på plass høgare utdanningstilbod i Nordfjord - gjerne knytt opp mot ein felles «paraply» for vidaregåande skule.

Etter mitt syn er alle Arvid Andenæs sine konkrete utfordringar til dei nye ordførarane i Nordfjord gode idear det må gå an å setje seg ned og diskutere: Nordfjord Plan, Nordfjord vgs., Nordfjord Integrasjon, Nordfjord Aktiv og Nordfjord Nettverk - saman med mykje anna. Ikkje minst burde tida no snart vere inne for at det felles næringsselskapet for tre Nordfjord-kommuner - Nordfjord Vekst - blir utvikla til eit felles strategisk næringsutviklingsselskap for heile regionen.

Berre på eitt punkt på Andenæs si liste må eg frå min posisjon melde pass: Framlegget om eit felles «Nordfjord Tidende». Medan dei seks ordførarane i Nordfjord neste fire år har til saman 8 års fartstid bak oss, har dei fire lokalavis-redaktørane i Nordfjord ufattelege 70 års samla fartstid i sine stillingar. Å samle inn annonsekroner og skrive om uskuldige ting som hage og bil klarer dei med sine 70 års røynsle på baken å samarbeide om. Men å gå saman om felles identitets-byggande stoff om næringsliv, politikk og samfunnsutvikling for å dele med kvarandre og skape ein felles Nordfjord-arena for samfunnsdebatt - det ser ut til å vere ein uoverkomeleg bøyg både på papir og nett. Det er for dårleg og for passivt, og er ei utfordring våre fire aviser må ta på større alvor.

Så om Arvid Andenæs klarer å gjere noko med avisstrukturen i Nordfjord, skal eg bøye meg i støvet og teikne abonnement på Nordfjord Tidende frå dag 1.

I mellomtida får vi andre arbeide med det meir realistiske - å bygge Nordfjord som felles sterk merkevare og samarbeidsarena for rekruttering, næringsliv, utdanning og reiseliv - inn i ei fornybar framtid.

Mulegheitane ligg opne. Eg har tru på at det no er politisk klima i Nordfjord for å klare det.