Ane Barmen er skodespelar og frilans skribent. Ho bur i Oslo, men kjem frå Vågsvåg.

Det er tysdag morgon, eg sit heime og skal jobbe, eg har lufta bikkja og kokt kaffi, kort sagt: alt ligg til rette for ein god arbeidsdag. Det er berre ein ting eg må gjere fyrst, for eg blir galen av å vente – eg MÅ inn på Skam-sida på nettet og sjå om Noora har fått svar frå William enno.

Det er visst ikkje oss over 30 «Skam» er meint for, men eg er like hekta som kusina mi på 15. For om eg ikkje er i målgruppa «Jente 15 år» har eg ein gong vore «Jente 15 år» og gått fyrste året på vidaregåande og vore klein og keitete. Vi var rett nok ikkje særleg opptekne av russen, og Nokia-telefonane våre funka berre til å ringe eller sende korte meldingar med, og vi kalla det «rote» i staden for «hooke» og «kabbe» i staden for å «pææse out», men prinsippet var det same. Det var ei tid då venninnene dine var det viktigaste i absolutt heile verda, då du alltid var dødsforelska, då du levde og ånda for sladder om kven som hadde gjort noko dumt på siste festen. Tenåringar er tenåringar. Med eller utan smarttelefonar.

Eg går skuffa ut av nettsida igjen. Etter at William fekk vite at Noora overnatta hos bror hans har han vore dritsur, men det skjedde jo ingen ting! Noora har sendt endå ei melding til han, men han har ikkje svart. Kvifor svarar han ikkje?! Han kan ikkje berre stikke til London og ikkje gje beskjed? Og kva skjer med eksamenen hans? Okei, trekk pusten. Gå tilbake til jobb. Eg er vaksen. Eg har då sjølvkontroll. Kremt.

Genistreken med «Skam» er nettsida der vi alle kan snoke i meldingane karakterane sender kvarandre. Sida blir kontinuerleg oppdatert og det skjer stadig ting mellom episodane kvar fredag, så du får kjensla av at dette er noko som skjer her og no, og ikkje med folk på TV, men nokon du kjenner. Eg diskuterer jentene med alle eg møter. Eg vil vere venninne med Sana, eg vil gå på fest med Vilde, eg vil bu saman med Eskild. Ja, nei, men jobben ventar, stemmer det.

Det er kveld. Eg og mannen ser ein film, men tankane vandrar. Viss William ikkje tek eksamen, må han då gå 3. klasse om igjen? Betyr det at han blir med i neste sesong? Mannen dultar i meg. «Følg med!» Det er noko med nokre dusørjegarar med cowboyhattar som skal drepe ein fyr. Han William hadde kledd cowboyhatt. Men han kler alt.

Leggetid. Greit, berre èin siste sjekk, så gjev eg meg. Han har framleis ikkje svart?! Helsikes William, fattar han ikkje kor redd eg blir? ... Ehm, kor redd ho Noora blir?

Bikkja, som har hoppa opp i senga til oss, kjem og set seg kontant på fjeset mitt.

Greitt. Eg kan ta eit hint.

God natt.