Det har vore stort fokus på tryggleik i tunnelar etter dei mange brannane som har vore siste åra. Det har vore langt mindre fokus på brann om bord i ferjer eller passasjerbåtar.

Når vi ser på dei enorme skadane på ferja Strand som tok til å brenne medan den var på verkstad på Rubbestadneset på Bømlo, er det grunn til å vere uroa.

Tjukk svart røyk velta ut kort tid etter at brannen var meldt. Brannvesenet kjempa i mange timar for å sløkkje brannen. Hundrevis av personar som budde i nærleiken av verftet måtte evakuerast. Ferja stod i dokk då det tok til å brenne – heldigvis. Tenk om dette hadde skjedd medan ferja var ute på havet, fullasta med bilar og passasjerar. Det kunne enda i ei gedigen katastrofe.

Knallhard konkurranse om ferje- og passasjerbåt-kontraktar gjer at selskapa tenkjer økonomi for å sikre seg oppdrag. Dei må ha ferjer der dei kan ha eit minimum av bemanning. Kva kan eit mannskap på tre-fire gjere dersom det tek til å brenne om bord i ei fullasta ferje med fleire hundre passasjerar i open sjø?

Mange av fartøya som selskapa brukar i rutetrafikk er veldig gamle og skulle kanskje vore skifta ut for lengst. Dette er ei utfordring for tryggleiken vil vi tru.

Brannfolk seier brann i båt er noko av det verste å sløkkje. Brann fører til stor varmegang og mykje røyk på eit konsentrert område. Brannen kan gå opp og nedover i skipet, i ventilasjonsanlegget og i verste fall skape eksplosjonar. Må det ein alvorleg brann om bord ein slik båt til før regelverket blir skjerpa inn?

Håpar ikkje at anbodskrig går ut over tryggleiken til sjøs.