Denne leiaren er skriven av Marianne S. Rotihaug og Christina Cantero, journalistar i Fjordenes Tidende.

«Kva tankar har de om kvinnedagen?», vart det spurt på kontoret før jul. Berre innanfor redaksjonslokala kom det fram mange meiningar. Det sette i gang prosjektet «Likestilt».

  • Prosjektet «Likestilt» har ført til at det er fleire kvinner i avisa. Les meir her.

Sidan den gong har vi møtt eit mangfald av kvinner som snakkar om sin kvardag. Blant desse er den einaste kvinna i brannvesenet i Nordfjord, styreleiaren som har kjent seg som luft i møterommet og innvandrarkvinna som kjempar for å bli sett.

For det er framleis slik at det er store skilnadar. Kvinnedagen nærmar seg og det har gjort at vi har valt å sjå nærare på nokre av forskjellane mellom menn og kvinner i 2017.

Kvifor er det slik at utdanningsnivået er høgare hos kvinner, medan menn framleis tenar mest? Korleis kan det ha seg at berre 28 prosent av landets ordførarar er kvinner? Og i Nordfjord er det ikkje ein einaste kvinneleg redaktør. Kvifor?

For i nyheitsbiletet er det heller ikkje likestilling. Om ein ser på Fjordenes Tidende den siste månaden har det vore tre gongar så mange menn som kvinner på framsida. Kva kan vere grunnen til dette? Er det fordi menn har dei mest interessante historiene eller er det fordi det er dei som snakkar høgst?

Den neste månaden vil vi difor sette fokus på nokre av dei som vanlegvis ikkje tar opp mest spalteplass i avisa: kvinner.

Her kan du lese meir frå «Likestilt»