Denne leiaren er skriven av redaktør Erling Wåge, og stod på trykk i Fjordenes Tidende 28. mars:

– Utan Bremanger vil Vågsøy/Flora vere eit utfordrande prosjekt

Samstundes som politikarane i Vågsøy drøfta traséval for Kystvegen, dundra tonnevis med stein i vegen ved Skatestraumtunnelen i Bremanger. Raset førte til at denne viktige vegen vart stengd i fleire døgn. Vi er sårbare når det ikkje finst så mange omkøyringsalternativ. Og når ei av ferjene i Nordfjord blei innstilt to gonger blir ikkje situasjonen enklare.

Ordførarane i Vågsøy og Flora er opptekne av kor viktig det er å snakke med ei røyst og å vere samla for å få til ting. Men når det kjem til praktisk politikk, så viser det seg at det er ulike motiv og ulike interesser som styrer. Det er ikkje så lett å bli einige likevel. Diskusjonen rundt kystvegen, og kvar den skal gå, er eit klassisk eksempel på dette. Medan fleirtalet i Flora og Vågsøy vil ha vegen i ytre, så vil kommunen som dei vil sjarmere inn i prosjekt Kinn, ha indre alternativ over Grov. Politikarane som snakkar om samarbeid og samanslåing klarer altså ikkje å samle seg om trasé for kystvegen.

Når politikarane i Vågsøy samlast på nytt torsdag for å bestemme om dei skal bli ein del av Flora kommune, er det risikabelt å gamble på at Bremanger blir tvinga inn. Kystvegsaka viser at dei to kommunane vil ha vanskar med å sjarmere Bremanger inn i ein ny kystkommune. Og utan Bremanger blir prosjekt Kinn svært innvikla og utfordrande for Vågsøy, og det er nok grunnen til at mange i Vågsøy er skeptiske.

Når det er sagt, er det mange element i intensjonsavtalen som Vågsøy og Flora, saman med Bremanger, og gjerne andre kommunar, kan samarbeide om der det er naturleg og der det er like interesser og motiv. Det samarbeidet bør starte i dag uansett kvar kommunegrensene skal gå etter 2020.