Dette innlegget er skrive av Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre.

Distriktspolitikk i praksis

Distriktspolitikk er så mangt. 9. mai reiste eg ein interpellasjonsdebatt i Stortinget om kor tregt det går med kartlegginga av skred- og flaumområde i landet vårt. Dette er typiske utfordringar som er størst i distrikts- kommunar, og i mange kommunar i Sogn og Fjordane er det no i praksis innført byggeforbod i påvente av at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal bli ferdig med kartleggingane sine. Det vil ta fleire år.

Kva betyr det for folk som ønskjer å flytte heim, eller nyetablere seg i ein distriktskommune? Jo, det betyr at det blir vanskeleg eller umogleg å få godkjent byggesøknadar. Ein kan rett nok betale for å få gjort private risikokartleggingar, men det vil fordyre eit byggeprosjekt med 70-100.000 kroner.

Med unnatak av eit godt innlegg frå KrF, og konstruktive svar frå statsråd Terje Søviknes, var det ingen andre parti som deltok i debatten. Senterpartiet, som meir enn nokon andre profilerer seg som eit distriktsparti, glimra med sitt fråver. Dette er i grunn ganske typisk for Stortinget. Det er eit voldsomt engasjement rundt små symbolsaker, medan dei verkeleg viktige sakene knapt blir diskutert. Eg trur til dømes det er viktigare for dei som vil busetje seg i distrikta at det er mogleg å få bygd seg eit rimeleg hus, enn at vi lukkast med å utrydde endå ein dyreart frå naturen vår. Eller for den saks skuld at bensinprisen går opp med 10 øre. Kanskje særleg med tanke på at det er nettopp klimaendringane som no gjer skred- og flaumfaren større, og bustadbygging langt dyrare. Klimapolitikk er ikkje dårleg distrikts- politikk. Derimot blir handteringa av klimaendringane dyrt for oss alle, ikkje minst i delar av landet der ein er meir utsatt for konsekvensane av ekstremvêr og naturkatastrofar.

Eg lovar i alle fall å dytte på vidare for å få løyva meir pengar til NVE, slik at dei kan få kartlagt skred- og flaumfare i heile landet, og dermed sørgje for at det er mogleg å busetje seg der ein ønskjer utan at det blir alt for dyrt for den enkelte. Det er kanskje litt vanskelegare å putte i ei avisoverskrift enn «NEI TIL [sett inn reform/bensinpris/trua dyreart]», men det er minst like viktig.