Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 16. juni.

Neste veke skal kommunestyra i Eid og Selje avgjere kva som vert namnet på den nye kommunen i Nordfjord. Avgjersla fell i eit felles kommunestyremøte 22. juni og representantane har tre alternativ å velje mellom: Eid, Selja og Stadt. Det er to alternativ som peikar seg ut og det er Selja og Stadt.

Namnet Selja har historisk sus og historisk klang over seg. Øya huser det kjende Selja kloster, og legenda om den heilage Sunniva som var og er Vestlandet sin vernehelgen kjem frå Selja. Selja var også namnet på eit av dei tre første bispedømma i landet og biskopen for Vestlandet budde på øya. Dei to andre bispedømma var Nidaros og Oslo. Då den store kristkyrkja i Bergen stod ferdig i 1170 vart Sunniva sitt skrin flytta dit og Bergen overtok for Selja som offisielt bispesete.

Stadt er eit av landets mest kjende stadnamn. Stadt vert nemnt i vêrmeldingane mange, mange gonger i løpet av eit døgn. Dei aller fleste i landet vårt er kjend med uttrykket storm ved Stadt. Det frykta Stadhavet og Stad skipstunnel er andre namn som gjer at Stadt er lett å plassere geografisk for folk andre stader i landet. Det er mange, både frå Selje og frå nærliggande bygder som har vore nøydd å ty til ekstraforklaringa om at heimstaden deira ligg like nord eller sør for Stadt.

Eid er kjend for oss i Nordfjord, men lite kjend andre stader i landet. Eit Eid er noko dei har omtrent alle stader i landet. Ofte som ending av eit ord som forklarar plasseringa nærmare. Slike eid finn ein også fleire av i Selje. Derfor bør den nye kommunen heite Nordfjordeid om dette namnet skal veljast. Då vil ein fortelje kvar Eid ligg i landet og ein vil uansett få ein nytt kommunenamn på ein ny kommune.