Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 27. juni:

Det er utruleg kjekt at lokale interessentar viser interesse for å byggje opp eit nytt hotell i Selje. Det treng bygda, kommunen og distriktet. Ikkje minst med tanke på at bygginga av verdas første fullskala skipstunnel om få år startar i kommunen. Det og Stad skipstunnel vil verke som ein magnet på turistar og tilreisande både frå inn- og utland. Plussar vi på Selja kloster, Vestkapp, ein vill, vakker og særeigen natur på skrytelista, bør det meste ligge til rette for ei vellukka hotelldrift i Selje. Heilt i tråd med det som er satsingsområde både i Selje og det som blir Stad kommune.

Selje Hotel var eit signalbygg då det vart reist på midten av syttitalet. Det vakre bygget drog i seg sjølv turistar til bygda. Vi veit at Selje næringsforeining har bedt om at delane som står igjen etter den påsette brannen i fjor haust vert teke vare på grunna dei særeigne murane med rullestein. Det skjønar vi, men det er ikkje det viktigaste.

Det viktigaste er at Selje igjen får eit hotell, men ikkje for ein kvar pris. Hotelltomta i Selje er mellom dei aller vakraste og spesielle i heile landet. Med Seljesanden som nærmaste nabo og utsikt til Romet, Ersholmen og Nabben er det få hotell som ligg i meir naturskjønt til.

Tomta fortener derfor eit nytt signalbygg som spelar på nærleiken til alt det vakre rundt og ikkje eit firkanta hotell i betongelement. Norske arkitektar er verdsleiande og det bør lystast ut ein arkitektkonkurranse om utforminga av eit hotell som igjen kan bli eit signalbygg som trekkjer turistar til Selje. Det vil nok koste nokre kroner, men det er slik vi ser det verdt det og utgifter til inntekts ervervelse. Kva med å la svømmehallen bli ein integrert del av Seljesanden?