Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 25. juli.

Alle fem verfta i Vågsøy hadde i fjor auka omsetnad og betre resultat enn året før. Det største av dei fem, Båtbygg på Raudeberg,  hadde ein omsetnad på 222,5 millionar i fjor og eit årsresultat på 12,8 millioner kroner.

Stadyard på Raudeberg hadde ein omsetnad på 116 millionar kroner og kunne bokførte eit resultat før skatt på drygt 5 millionar. Det tredje Raudeberg-verftet, Johansen Slip & Mek., omsatte for 37 millionar  og sat igjen med eit resultat før skatt på knappe 2 millionar kroner. I Måløy omsette Verlo AS i 2016 for vel 40 millionar og resultatet før skatt var på 2,4 millionar. Måløy Verft omsette for 17,8 millionar, og verftet på Tennebø kunne vise fram eit resultat før skatt på ein knapp million.

Verfta er alle ein del av Måløy Maritime Group (MMG). Ei gruppe som representer 16 bedrifter i og rundt Måløy. Gruppa har ei felles satsing for å vise den kompetansen og dei moglegheitene som er i Vågsøy. Det som er viktig for Måløy Maritime Group er å vise at Måløy har eit komplett servicetilbod for maritime næringar. MMG kan gje kundane eit komplett tilbod frå skisse til ferdig bygd fartøy.

Måløy Maritime Group er eit svært godt eksempel på at samarbeid og felles marknadsføring inneber fordelar for alle som deltek. Det må vere mykje betre å samarbeide om å gje kundane eit godt tilbod som alle tener på, enn å konkurrere kvarandre ut på pris. Det er ein måte å drive forretningsverksemd på som alt for ofte fører til raude tal i rekneskapen.

Og det er ikkje berre dei 16 bedriftene som er med i clusteret som tenar på samarbeidet. Også andre bedrifter og butikkar i nærområdet tener på den auka aktiviteten som samarbeidet i MMG har skapt.