Dette innlegget er skrevet av Ellinor Lillestøl, leder i Demensforeninga i Vågsøy.

Bli med på Demensaksjonen 2017

Demens kan ramme oss alle, og tilstanden rammer ikkje berre den som er sjuk.

I dag lir 77.000 menneske av demens, og 300.000 pårørande er råka.

Fordi befolkninga i Norge blir stadig eldre, vil sjukdomen ramme fleire og fleire.

Dagens forsking på demens er morgondagens behandling. Støtt forsking på demens i dag slik at vi ein vakker dag kan seie at vi har gløymt demens.

I år er Demensaksjonen denne veka mellom 18. og 24. september. Under Demensaksjonen samlar lokallaga inn midlar til forsking for å kunne løyse demensgåta. I tillegg brukast nokre av pengane til lokale tiltak for å betre livet til sjuke og pårørande.

Aksjonen finn stad same veka som den internasjonale Alzheimerdagen.

I løpet av veka er det mange lag som arrangerer ulike typar tiltak.

Her i Vågsøy stiller vi som vanleg med informasjonsstand og lynlotteri til inntekt for dette viktige arbeidet med demens.

Bli med og støtt dette viktige formålet.

På førehand takk.