Leiarartkkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 19. september.

Vi kan alle lære noko av denne læraren

Historia om den unge læraren i Askvoll, Jannicke Gjervik, som gav det vesle ekstra som fekk ein av elevane sine inn på eit nytt og godt spor har rørt mange. Det er NRK som har laga denne serien. I fem korte filmar møter tidlegare elevar læraren som har sett og hjelpt dei i ein vanskeleg periode på skulen eller elles i livet. Det meste i skulen handlar om store læreplanar, måloppnåing og pensumpress. I mange tilfelle har både lærarar og elevar si fulle hyre med å svelgje unna og komme seg gjennom alt. Og i dette jaget kan det vere lett å gløyme at det handlar om enkeltindivid. Kvar enkelt elev og lærar er unik og ulik.

Jannicke var nyutdanna og hadde fått ansvaret for si første ungdomsskuleklasse. Det var då ho oppdaga at ein av elevane ikkje var som alle andre. 13 år gamle Even Vågen Aga hadde problem med å bli godteken av dei andre i klassen sin. Han hamna ofte i krangel og fann seg ikkje til rette på skulen. I eit friminutt oppdaga den unge læraren den einsame guten som vart oppfatta som ein problemelev, og bestemde seg for å gjere noko med dette. Jannicke hjelpte Even til å få tru på seg sjølv og til å bli ein del av fellesskapen. Tre år seinare då Even slutta på skulen, takka han den unge læraren for at ho såg han og gav han trua. I år er han elev ved Måløy vidaregåande skule.

Det er nok mange som Jannicke og Even både i skulen og elles i samfunnet. Det er mange som treng hjelp og mange som hjelper som ikkje kjem fram i media. Denne historia er noko vi alle kan lære av. Alle kan vi sjå rundt oss om det er nokon som treng ei oppmuntring eller ei hand, både på skular, arbeidsplassar og i nabolaget. Er det nokon som ikkje blir sett og forstått som vi kan oppmuntre og hjelpe?